Svalgang
Utsjånad
Svalgang eller sval er ein gang som er bygd langsetter utsida av eit hus, og er vanlege mellom anna langsetter utsida av mastestavkyrkjer. Svalgangar har tak, men kan vere meir eller mindre opne på yttersida. Materialet er tre, og byggjemetoden kan vere laft, stavverk eller bindingsverk. Ofte er trappene mellom dei ulike høgdene i bygningen plassert i svalgangen, som såleis kan vere i to høgder. I moderne bustadblokker kan tilkomsten til dei einskilde husværa i same høgda vere ordna som moderne variantar av dei gamle svalgangane, slik at det ikkje er naudsynt med meir enn ein heis eller eit trappesystem for ei blokk.
Svalgangar i stavkyrkjer
[endre | endre wikiteksten]-
Grunnplanen i ei mastestavkyrkje som til dømes Borgund stavkyrkje, teikna av Håkon Christie. Svalgangen er merka med ordet sval.
-
Torpo stavkyrkje i Hallingdal er eit døme på korleis ei mastestavkyrkje ser ut utan svalgang.
-
Urnes stavkyrkje i Sogn er eit døme på ei mastestavkyrkje med svalgang berre på vestsida (inngangs-sida). Svalgangen fungerer såleis som ein forhall.
-
Borgund stavkyrkje i Sogn er døme på ei mastestavkyrkje med svalgang på både nord-, vest- og sørsida. Her ein detalj av svalgangen, som altså er delvis open.
-
Borgund stavkyrkje har svalgang langs nord-, vest- og sørveggen, dekt av det nedste taket. Ein går gjennom svalgangen, som har opne inngangar, for å kome inn i kyrkja gjennom portalar i sjølve kyrkjeveggen.