Susilo Bambang Yudhoyono
Susilo Bambang Yudhoyono | |||
| |||
Fødd | 9. september 1949 (75 år) Pacitan, Aust-Java | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Indonesia | ||
Yrke | politikar, militær | ||
Utdanna ved | Military Academy Webster University IPB University U.S. Army Command and General Staff College Sepuluh Nopember Institute of Technology United States Army Airborne School Ranger School Fort Moore | ||
Ektefelle | Kristiani Herrawati | ||
Barn | Agus Harimurti Yudhoyono, Edhie Baskoro Yudhoyono | ||
Alle verv |
Susilo Bambang Yudhoyono (fødd 9. september 1949) er ein indonesisk general og politikar som var president i Indonesia frå 20. oktober 2004 til 20. oktober 2014.
Namn
[endre | endre wikiteksten]Javanesarar har ikkje etternamn i vestleg forstand, og namnet Yudhoyono er ikkje arva etter foreldra hans. I indonesiske media blir han ofte omtale berre som Susilo.
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Han vart fødd i Pacitan i provinsen Aust-Java i ein mellomklassefamilie. Faren var offiser i hæren. Yudhoyono gjekk inn i hæren, på befalsskule, i 1970. Frå 1975 til 1976 var han i USA og fekk militær trening på Fort Benning. Etter at han kom attende til Indonesia vart han stasjonert på Aust-Timor som del av den indonesisk okkupasjonsstyrken. Yudhoyono har vorte skulda for krigsbrotsverk frå denne tida, men har aldri blitt tiltalt.
Militær karriere
[endre | endre wikiteksten]Frå 1981 til 1982 jobba han ved hærens hovudkvarter, og vart igjen send til USA for vidareutdanning. Han fekk òg militær trening i jungelkrig i Panama. Han har òg gjennomgått militære kurs i Belgia, Tyskland og Malaysia. Gjennom denne tida steig han jamt i gradene i militæret. I 1986 var han bataljonskommandant. Frå slutten av 1980-talet hadde han posisjonar i administrasjonen i hæren. I 1993 var han stabssjef for den personlege staben til hærsjefen, general Edi Sudrajat. Frå 1995 til 1996 var han militær observatør hjå SN-styrken i Bosnia-Hercegovina (UNPROFOR).
Politisk karriere
[endre | endre wikiteksten]Under hendingane som førte til diktatoren, general Suharto, sitt fall i 1998 tok Yudhoyono del i tingingar med opposisjonen. Under overgangen til demokrati var han med på å gjennomføra reformer i hæren. I 1999 vart han minister for gruver og energi i regjeringa til president Abdurrahman Wahid, og avslutta militærkarrieren sin, med grad av generalløytnant. I 2000 vart han minister for politikk og tryggleik. I denne rolla hadde han ansvaret for å gjennomføra skiljet mellom militæret og politikken. Etter at Megawati Sukarnoputri vart president i 2001 heldt Yudhoyono fram som minister for politikk og tryggleik. I denne rolla leia han jakta på dei ansvarlege for Bali-bombinga i 2002.
I 2001 vart partiet Partai Demokrat stifta, som eit støtteparti for Yudhoyono, og for å fremja sjansane hans som presidentkandidat ved presidentvalet i 2004. Yudhoyono stilte som kandidat mot den sitjande presidenten Megawati Sukarnoputri. Han vann første valrunden den 5. juli med 33,6 % av røystene, og slo Megawati med 60,9 % av røystene i andre valomgang den 24. september.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Susilo Bambang Yudhoyono» frå Wikipedia på engelsk den 15. mars 2008.