Sunniva
Utsjånad
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Heilage Sunniva.
Sunniva er eit kvinnenamn avleidd frå angelsaksisk Sunngifu, der sunn tyder 'sol' og gifu 'gåve'. Det har namnedag den 8. juli, som er festdag for den heilage Sunniva.
Namnet kom til Noreg på 1000-talet. Det har avleidde former som Sunefa, Synniva og frå desse Synnøve. På Færøyane og Island er forma Sunneva utbreidd. Namnet er i dag meir brukt i Norden enn i den engelsktalande verda.
I 2011 var det 3 703 norske kvinner som heitte Sunniva. Namnet hadde ein brukstopp rundt 2000, då oppimot 0,7 % av nyfødde jenter blei kalla Sunniva.
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Heilage Sunniva (900-talet), norsk helgen
- Sunniva McAlinden (f. 1963), norsk kunstnar
- Sunniva Gylver (f. 1967), norsk prest
- Sunniva Rødland Wettre (f. 1977), norsk harpist
- Sunniva Flakstad Ihle, norsk lokalpolitikar
Annan bruk
[endre | endre wikiteksten]- Sunniva, figur frå Terje Formoe sine historier om Kaptein Sabeltann
- Sunniva, merkevare til TINE-selskapet FellesJuice
- St. Sunniva skole, katolsk grunnskule i Oslo
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sunniva» frå Wikipedia på bokmål, den 8. mai 2011.
«Sunniva» i Store norske leksikon, snl.no.
- Søk etter norsk namnestatistikk for Sunniva hjå Statistisk Sentralbyrå
- «Sunniva» ved behindthename.com