Simele
Simele | |||
Shem'ēl
ܫܡܐܝܠ سميل | |||
Land | Irak | ||
---|---|---|---|
Autonom region | Kurdistan[1] | ||
Guvernement | Dohuk guvernement | ||
Folketal | 50 000 | ||
Semel 36°51′28″N 42°50′47″E / 36.857777777778°N 42.846388888889°E | |||
Wikimedia Commons: Simele |
Simele (gammalsyrisk Šhem'ēl, ܫܡܐܝܠ, kurdisk: Sêmêl, arabisk سميل) er ein by i Dohuk guvernement i Irakisk Kurdistan. Byen ligg langs hovudvegen som går frå Irak og inn i Tyrkia. Han ligg 14 km vest for Dohuk. Byen er busett av kurdarar med minoritetar av assyrarar, jesidiar og armenarar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Historisk har regionen kring Simele vore ein del av Assyria. Byen konverterte til kristendom på 100-talet og var seinare kjend for nokre gammalsyriske manuskript. Assyrarane høyrer til både den gammalsyriske ortodokse kyrkja og den assyriske kyrkja.[2] Assyrarane tok i mot jesidiar, som slo seg ned i byen i 1800. Begge vart så massakrerte av Mir Muhammad frå Rowanduz. Seinare slo arabiske stammer seg ned i området.[2]
Simele var tidleg på 1900-talet ein særs liten kurdisk landsby. Eit større assyrisk samfunn slo seg ned i byen under fyrste verdskrigen etter masseutflytting frå Hakkari-området i Tyrkia, på grunn av det assyriske folkemordet av Det osmanske riket mot armenarar og assyrarar.
Assyrarane som budde i Simele og området kring vart utsett for ein massakre den 7. august 1933. Det vart den første statsstyrte massakren etter at Irak vart oppretta i 1921. Kring 3 000 assyrarar mista livet i massakren,[3] dei fleste av dei i Simele. Tusenvis vart tvungne på flukt til Syria, der dei i dag bur fordelt på 33 landsbyar på Khabur-slettene i Al Jazeera.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Simele» frå Wikipedia på engelsk, den 20. februar 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Kurdistan regionale styresmakt». KRG. Arkivert frå originalen 6. oktober 2014. Henta 5. januar 2020.
- ↑ 2,0 2,1 مدينة سميل في التاريخ Ankawa.com
- ↑ http://www.fidh.org/IMG/pdf/iq350a.pdf — FIDH report on ethnic cleansing i Irak, which describes the Sumail massacre in the second paragraph of page 17.