Steve Wariner
Steve Wariner | |||
| |||
Fødd | 25. desember 1954 (69 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Noblesville | ||
Fødenamn | Steven Noel Wariner | ||
Opphav | Noblesville i Indiana i USA | ||
Aktiv | 1974 til i dag | ||
Sjanger | Country | ||
Instrument | vokal, akustisk gitar, elektrisk gitar, Dobro,[1] bassgitar | ||
Tilknytte artistar | Chet Atkins, Bill Anderson, Asleep at the Wheel, Clint Black, Garth Brooks, Glen Campbell, Anita Cochran, Mark O'Connor, Brad Paisley | ||
Plateselskap | RCA Nashville, MCA Nashville, Arista Nashville, Capitol Nashville, Selectone | ||
Verka som | Songar-låtskrivar |
Steven Noel «Steve» Wariner (fødd 25. desember 1954) er ein USA-amerikansk countrysongar, låtskrivar og gitarist. Han har gjeve ut 18 studioalbum, inkludert seks for MCA Records, og tre kvar på RCA Nashville, Arista Records og Capitol Nashville. Han har òg gjeve ut meir enn femti singlar som har nådd countrylista i USA, inkludert ti førsteplassar: «All Roads Lead to You», «Some Fools Never Learn», «You Can Dream of Me», «Life's Highway», «Small Town Girl», «The Weekend», «Lynda», «Where Did I Go Wrong», «I Got Dreams» og «What If I Said», ein duett med Anita Cochran frå albumet hennar Back to You. Tre av studioalbuma hans har seld til gull i USA for 500 000 selde eksemplar i USA.
I tillegg til å skrive dei fleste av sine eigne songar, har Wariner skrive songar for mange andre artistar, mellom anna store hittar for Clint Black og Garth Brooks, og singlar for Bryan White og Keith Urban. Andre artistar han har arbeidd med er mellom andre Nicolette Larson, Glen Campbell, Mark O'Connor, Asleep at the Wheel og Brad Paisley. Wariner har vunne fire Grammy-prisar. Wariner vart medlem av Grand Ole Opry i 1996 og vart innlemma i Music City Walk of Fame i Nashville i 2008, og Kentucky Music Hall of Fame i 2011.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Steve Wariner» frå Wikipedia på engelsk, den 15. januar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Burnin' the Roadhouse Down (CD). Steve Wariner. Nashville, Tennessee: Capitol Records Nashville. 1998. 94482.