[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Stenka Rasin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stenka Rasin

Føddca. 1630
FødestadPugatsjovskaja, Starotsjerkasskaja
Død6. juni 1671
DødsstadMoskva
Andre namnСтепан (Стенька) Тимофеевич Разин
RangAtaman
KonfliktarStephan Razin's rising, Sangi-Mughan battle, Q21636142, Battle of Simbirsk

Stepan (Stenka) Timofejevitsj Razin, i Noreg mest kjend som Stenka Rasin (163016. juni 1671) var ein russisk kosakkleiar som leidde eit opprør mot adelen og tsaren i det sørlege Russland.

Kosakkopprøret 1670-71

[endre | endre wikiteksten]
Stenka Rasin på Kaspihavet. Måleri av Vasilij Surikov.

Russland sin lange krig mot Sverige og Polen på 1500- og 1600-talet førte til tunge skattebyrdar og tvangsrekrutteringar til den russiske hæren. Difor rømde mange bønder sørover for å slutta seg til kosakkane.

Det var lett å rekruttera bønder som var heilt utan rettar under liveigenskapet med lovnader om likestilling. I Astrakhan vart det utropt ein kosakkrepublikk etter blodige stridar. Opprøra heldt fram i over eit år og den russiske hæren vart nøydd til å overvinna kosakkane åtte gonger på slagmarka før uroa slutta. Til slutt var det kosakkane sine interne stridar som førte til nederlaget deira. Stenka Razin og broren hans Frol vart tekne til fange i 1671. Dei vart grusamt torturerte og vart til slutt hakka i bitar på Den raude plassen i Moskva.

Stenka Rasin i kulturen

[endre | endre wikiteksten]

Stenka Rasin er helten i ein populær russisk folkesong med tekst av Dmitrij Sadovnikov frå 1883. Melodien er tradisjonell), betre kjent i Russland som «Volga, Volga mat' rodnaya» ('Volga, Volga, mora til fødelandet'). Songen vart dramatisert i 1908 i den aller første russiske langfilmen, Ponisovaja Volnitsa, regissert av Vasilij Gonsjarov. Melodien har òg vorte brukt til drikkeviser, m.a. studentvisa «Upp på väggen går ein gädda», frå Åbo Akademi.

Tom Springfield skreiv engelsk tekst til songen og gav han tittelen «The Carnival is Over». Dette vart ein slager for den australske gruppa The Seekers i 1965, som avslutta konsertane sine med han.

C.C. Bøyesen har skrive ei norsk tekst. På norsk har han tittelen «Heimlaus». Songen vart spelt inn av Jan Høiland med Carsten Kloumans orkester 4. desember 1961. Han vart utgjeven på singlen Columbia 45GN 1698.

Visa er òg spelt inn på norsk på albumet Frem fra Glemselen kap. 8 med Helge Borglund.

Rasin blei også hylla av futuristen Velimir Khlebnikov med eit palindrom på 408 linjer i det førrevolusjonære tsarriket.

Folkevise om Stenka Rasin av Feodor Ivanovich Chaliapin

Razin er også tema for Aleksandr Glazunov sitt symfoniske dikt Stenka Rasin, Symfoni nr. 8 av Nikolaj Mjaskovskij (op. 26, 1925), ein kantate av Sjostakovitsj, op. 119, eit dikt frå 1964 av Jevgenij Jevtusjenko, og romanen Я пришёл дать вам волю ('Eg har kome for å gje dykk fridom') av Vasilij Sjukjhin.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]