Stand By
«Stand By» var det sanmarinske bidraget i Eurovision Song Contest 2011 i Düsseldorf i Tyskland, framført på engelsk av Senit. Songen er skriven av Radiosa Romani.
Eurovision Song Contest 2011
[endre | endre wikiteksten]«Stand By» | |||||
---|---|---|---|---|---|
Eurovision Song Contest 2011 | |||||
Land | San Marino | ||||
Artist(ar) | Senhit Zadik Zadik | ||||
Alias | Senit | ||||
Språk | Engelsk | ||||
Komponist(ar) | Radiosa Romani | ||||
Låtskrivar(ar) | Radiosa Romani | ||||
Resultat | |||||
Semifinalepoeng | 34 | ||||
Semifinaleplass | 16 | ||||
Finalepoeng | X | ||||
Finaleplass | X | ||||
San Marino i Eurovision Song Contest | |||||
|
San Marino måtte kvalifisere seg til finalen gjennom éin av dei to semifinalane. Landet fekk plass i den fyrste semifinalen 10. mai 2011.
Semifinale 1
[endre | endre wikiteksten]Songen starta som nummer tolv, etter Malta med «One Life» av Glen Vella og før Kroatia med «Celebrate» av Daria. San Marino fekk til saman 34 poeng og enda på 16. plass av totalt 19 bidrag. Landet fekk sin til då beste plassering sidan debuten i 2008, men gjekk ikkje vidare til finalen av di dei ikkje var mellom dei ti beste. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget fått åtte poeng og enda på 19. og sisteplass og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget fått 74 poeng og enda på åttandeplass.
12 poeng | 10 poeng | 8 poeng | 7 poeng | 6 poeng |
---|---|---|---|---|
5 poeng | 4 poeng | 3 poeng | 2 poeng | 1 poeng |