St. Louis Blues
«St. Louis Blues» | |
Låtskrivar | W. C. Handy |
---|---|
Tekst av | St. Louis Blues |
Publisert | 1914 |
«Saint Louis Blues» er ein populær amerikansk song, komponert av W.C. Handy i bluesstil og publisert i september 1914. Han har vore ein grunnleggande del av repertoaret til jazzmusikarar i årevis. Det var ein av dei første bluessongane som vart til ein popsong. Han har blitt framført av mange artistar i forskjellige sjangrar, frå Louis Armstrong og Bessie Smith til Count Basie, Glenn Miller, Guy Lombardo og Boston Pops Orchestra. «St. Louis Blues» er blitt kalla «jazzmannen sitt svar på Hamlet».[1]
Ein versjon frå 1925 vart sungen av Bessie Smith, med Louis Armstrong på kornett, og vart innlemma i Grammy Hall of Fame i 1993. Versjonen frå 1929 av Louis Armstrong & His Orchestra (med Henry «Red» Allen) vart innlemma i 2008.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Handy sa han var inspirert av eit tilfeldig møte med ei kvinne i gatene i St. Louis som var forvirra over at ektemannen var borte og sa «Ma man's got a heart like a rock cast in de sea», som er ei viktig linje i songen.[2][3]
Songen var ein massiv suksess. Då Handy døydde i 1958 tente han opp mot 25 000 amerikanske dollar i året i honorar for songen, som tilsvarar kring 200 000 dollar i 2016.[4]
Framføringar
[endre | endre wikiteksten]Saint Louis Blues Singel av Bessie Smith | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1925 | |
Innspelt | New York City, 14. januar 1925 | |
Sjanger | Blues | |
Lengd | 3:11 | |
Selskap | Columbia (14064-D) | |
Komponist | W. C. Handy | |
Tekstforfattar | W. C. Handy | |
Låtskrivar(ar) | W. C. Handy |
---|
Det har lenge vore sagt at Ethel Waters var den første til å syngje «Saint Louis Blues» offentleg.[5] Men historikarane Lynn Abbott og Doug Seroff skriv at den første songaren som framførte «St. Louis Blues» var Charles Anderson, ein populær kvinnelig imitator som inkluderte songen i showet sitt så tidleg som oktober 1914.[6]
Forskaren Guy Marco skreiv i Encyclopedia of Recorded Sound in the USA at den første lydinnspelinga av «Saint Louis Blues» vart gjort av Al Bernard i juli 1918 for Vocalion. Men husbandet til Columbia Records, dirigert av Charles A. Prince, hadde alt spelt inn og gjeve ut ein instrumental versjon i desember 1915. Bernard sin versjon kan ha vore den første amerkanske utgåva med vokal og test, men Ciro's Club Coon Orchestra, ei gruppe svarte amerikanske artistar i Storbritannia, hadde alt spelt inn ein versjon med tekst i september 1917.
Sidan 1910-åra har «Saint Louis Blues» blitt spelt mykje som både song og instrumntal.
Mange av dei mest kjende jazzartistane har spelt «Saint Louis Blues». Lista under ei ufullstendig liste over somme av dei.
- 1919 – Lieutenant Jim Europe's U.S. Infantry Band (Pathe 22087).
- 1920 – Marion Harris
- 1921 – Original Dixieland Jass Band
- 1922 – W.C. Handy
- 1925 – Bessie Smith, med Louis Armstrong på kornett og Fred Longshaw på harmonium.[7]
- 1926 – Fats Waller, innspelt som orgelsolo for Victor Records.
- 1927 – Wild Man Blues
- 1927 – Sylvester Weaver
- 1928 – Al Bernard, som «John Bennett» (Madison 1642).[8]
- 1928 – Katherine Henderson med Clarence Williams and His Orchestra.[9][10]
- 1929 – Emmett Miller akkompagnert av Georgia Crackers, utgjeve i New York den 9. september 1929 av Matrix Music Records (Matrix S 402934-B).
- 1929 – Louis Armstrong & His Orchestra, med Henry «Red» Allen.
- 1930 – Rudy Vallee, Cab Calloway, The Mills Brothers, The Boswell Sisters, Jim Jackson.
- 1932 – Bing Crosby med Duke Ellington and His Orchestra.
- 1933 – The Whiskey Bottle Boys, spelt på vassflaske xylofon.
- 1934 – Paul Robeson, innspelt i London den 20. februar 1934 og utgjeve av EMI på His Master's Voice(B 8219).
- 1935 – The Boswell Sisters, innspelt den 28. mai 1935 og utgjeve på Brunswick (7467).
- 1935 – Django Reinhardt og Stephane Grappelli
- 1935 – Bob Wills
- 1936 – Walter Brennan;[11] Theresa Harris[12] med Hall-Johnson Choir for filmen Banjo on My Knee[13]
- 1938 – Artie Shaw and His Orchestra
- 1939 – Benny Goodman
- 1940 – Earl Hines i ei utgåve kalla «Boogie Woogie on the St. Louis Blues», der Hines seier «Aw, play it till 1951», året den originale opphavsretten gjekk ut.
- 1940 – Billie Holiday i lag med Benny Carter and His All Star Orchestra (OKeh)
- 1941 – Lena Horne med The Dixieland Jazz Band of NBC's Chamber Music Society of Lower Basin Street.
- 1943 – Glenn Miller, «St. Louis Blues—March», spelt av U.S. Army Air Force Band, der Miller var kommandant.
- 1945 – Eddie Rosner
- 1945 – Annie Laurie med The Dallas Bartley Band for Cosmo Records.[14]
- 1945 – Maurice Rocco
- 1949 – Art Tatum
- 1952 – Chet Atkins på debutalbumet Chet Atkins' Gallopin' Guitar.
- 1953 – Billy Eckstine med The Metronome All-Stars: Roy Eldridge, Kai Winding, John LaPorta, Warne Marsh, Lester Young, Teddy Wilson, Billy Bauer, Eddie Safranski, Terry Gibbs, Max Roach.
- 1954 – Louis Armstrong, som har spelt inn songen mange gonger, inkludert ein versjon på albumet Louis Armstrong Plays W. C. Handy.
- 1950-åra – Moon Mullican song og spelte songen på Grand Ol' Opry.
- 1956 – The Teen Kings, med Roy Orbison, innspelt for KOSA-TV i Odessa i Texas i 1956.
- 1957 – Shirley Bassey på albumet Born to Sing the Blues.
- 1957 – Louis Prima på albumet The Wildest Comes Home!.
- 1958 – Filmen St. Louis Blues kom ut, ein biografisk film om Handy.
- 1958 – Pat Boone
- 1959 – John Fahey på albumet Blind Joe Death, nyinnspelt i 1967.
- 1959 – Dizzy Gillespie på albumet «Have Trumpet, Will Excite!».
- 1959 – Brenda Lee på albumet Grandma, What Great Songs You Sang!.
- 1960 – Freddy Cannon på debutalbumet The Explosive Freddy Cannon.
- 1961 – Alberta Hunter, på albumet Alberta Hunter with Lovie Austin's Blues Serenaders (Riverside)
- 1962 – Ace Cannon innspelt som ein instrumental for debutalbumet Tuff Sax.
- 1964 – Judy Garland og Martha Raye framførte han som den siste songen i ein medley av Glenn Miller-songar på The Judy Garland Show.
- 1964 – Chuck Berry på albumet Chuck Berry in London.
- 1967 – Mina song ein orkesterversjon på det italienske TV-programmet Sabato Sera
- 1967 – Jaki Byard med trio (Byard, piano; David Izenzon, bass; Elvin Jones, trommer), på albumet Sunshine of My Soul.
- 1968 – Paul McCartney brukte songen for å setje stemninga før innspelinga av «Hey Jude» og ein kan høyre The Beatles spele songen på mange piratkopiplater av innspelinga.
- 1969 – Bintangs, nederlandsk rhythm and blues-band, på albumet Blues on the Ceiling. discogs.com.
- 1970 – Jula de Palma song ein beat-versjon av songen på albumet Jula al Sistina.
- 1973 – Enrique Villegas
- 1974 – Eumir Deodato på konsertalbumet Artistry.
- 1974 – Etta James på albumet Come a Little Closer.
- 1976 – The Flamin' Groovies på albumet Shake Some Action (Chuck Berry-versjonen).
- 1981 – Johnny Cash, ikkje utgjeven (Chuck Berry-versjonen).
- 1981 – Tav Falco's Panther Burns på albumet «Behind the Magnolia Curtain».
- 1985 – Doc Watson på albumet Pickin' the Blues.
- 1986 – Hank Williams jr. spelte songen som ein del av ein medley på albumet Montana Cafe.
- 1992 – Wayne Horvitz spelte ein abstrakt, men gjenkjenneleg versjon på Miracle Mile som «Variations on a Theme by W.C. Handy».
- 1994 – George Thorogood & the Destroyers framførte songen med Johnnie Johnson på Mississippi Nights, og dette kom ut i 1995 på albumet Live: Let's Work Together.
- 1998 – Stevie Wonder spelte songen på Herbie Hancock sitt jazzalbum Gershwin's World og vann to Grammyprisar for dette i 1999.
- 1999 – Odetta spelte songen som ein medley med «Careless Love» på albumet Blues Everywhere I Go.
- 1999 – Merle Haggard og Asleep at the Wheel på hyllestalbumet til Bob Wills Ride with Bob.
- 2001 – Dexter Romweber
- 2001 – Aki Takase albumet hennar med same tittel.
- 2002 – Peter Cincotti på albumet hans On the Moon.
- 2008 – David Sanborn på albumet hans Here & Gone.[15]
- 2008 – Jack Rose på albumet Dr. Ragtime & Pals/Self Titled.
- 2008 – Ruby Turner med Jools Holland and His Rhythm & Blues Orchestra, på albumet The Informer.
- 2009 – Simone White på albumet Yakiimo.
- 2013 – Hugh Laurie på albumet hans Didn't It Rain.
- 2013 – Margot Bingham framførte ein versjon i TV-serien Boardwalk Empire som jazzartisten Daughter Maitland.[16]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «St. Louis Blues (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 6. juli 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Handy, W. C. (1941). Bontemps, Arna Wendell, red. Father of the Blues: An Autobiography. New York City: MacmillanMal:Inconsistent citations.
- ↑ Stanfield, Peter (2005). Body and Soul: Jazz and Blues in American Film, 1927–63. University of Illinois Press. s. 83. ISBN 0-252-02994-1. Henta 6. juli 2017.
- ↑ [1] Arkivert April 8, 2004, ved Wayback Machine.
- ↑ Handy 1941, s. 119
- ↑ «American Memory from the Library of Congress – List All Collections». Memory.loc.gov. Henta 30. desember 2015.
- ↑ Britannica, Encyclopedia (6. juli 2017). «Ethel Waters: Sweet Mama Stringbean». www.britannica.com. Encyclopædia Britannica. Henta 6. juli 2017.
- ↑ Freeland, David (July 1, 2009). «Behind the Song St Louis Blues». www.americanlåtskrivar.com. American Songwriter. Henta 6. juli 2017.[daud lenkje]
- ↑ Russell, Tony (1997). The Blues: From Robert Johnson to Robert Cray. Dubai: Carlton Books. s. 12. ISBN 1-85868-255-X.
- ↑ Ginell, Cary (1994). Milton Brown and the Founding of Western Swing. University of Illinois Press. pp. 245, 246. ISBN 0-252-02041-3.
- ↑ «Clarence Williams & the Blues Singers Vol 2 1927–1932». Document-records.com. Henta 13. september 2014.
- ↑ «Katherine Henderson Songs». Allmusic. Henta 13. september 2014.
- ↑ «Walter Brennan (1894–1974)». IMDb.com. Henta 3. juli 2015.
- ↑ «Theresa Harris (I) (1906–1985)». IMDb.com. Henta 3. juli 2015.
- ↑ «Banjo on My Knee (1936): Soundtracks». IMDb.com. Henta 3. juli 2015.
- ↑ «Laurie Annie: Encyclopedia of Popular Music Oxford Reference». Oxfordreference.com. 17. februar 2012. Henta 12. mars 2013.
- ↑ «Pearls overview». Allmusic.com.
- ↑ Daughter Maitland - St. Louis Blues (Boardwalk Empire)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]
Originaltekst av St. Louis Blues ved Wikisource. |
- Songar frå 1914
- Jazzstandarar frå 1910-åra
- Songar om USA
- Songar med musikk av W.C. Handy
- Bluessongar
- Grammy Hall of Fame Award
- Bessie Smith-songar
- Louis Armstrong-songar
- Nat King Cole-songar
- Cab Calloway-songar
- LaVern Baker-songar
- Benny Goodman-songar
- Billie Holiday-songar
- Lena Horne-songar
- Mildred Bailey-songar
- Bing Crosby-songar
- Duke Ellington-songar
- Bob Wills-songar
- Milton Brown-songar
- Louis Prima-songar
- Dinah Shore-songar
- Les Paul & Mary Ford-songar
- Billy Eckstine-songar
- Dizzy Gillespie-songar
- Shirley Bassey-songar
- Pat Boone-songar
- Eartha Kitt-songar
- Brenda Lee-songar
- The Isley Brothers-songar
- John Fahey-songar
- Pete Seeger-songar
- Perry Como-songar
- Ella Fitzgerald-songar
- Peggy Lee-songar
- Lou Rawls-songar
- Alice Babs-songar
- Jimmy Reed-songar
- Chuck Berry-songar
- Jerry Reed-songar
- Etta James-songar
- Charlie McCoy-songar
- Flamin' Groovies-songar
- George Thorogood-songar
- Mose Allison-songar
- Herbie Hancock-songar
- Odetta-songar
- Django Reinhardt-songar
- Chet Atkins-songar
- Martin Denny-songar
- Ace Cannon-songar
- Milt Buckner-songar