[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Spellemannprisen 1979

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Spellemannprisen 1979 vart delt ut i februar 1980 i Chateau Neuf i Oslo. Den 90-år gamle komponisten og valsekongen Reidar Thommesen fekk heidersprisen frå juryen dette året, og musikaren Pete Knutsen fekk diplom som spesialpris. Dette året vart det for fyrste og einaste gong delt ut pris i klassen «kor-plate». I tillegg var klassane «pop» og «rock» attende igjen, og som året før vart det delt ut to prisar i open klasse. Det vart ikkje delt ut nokon pris for beste barneplate. Arve Tellefsen var programleiar under utdelinga.

Klasse Artist Tittel
Pop Anita Skorgan Ingen vei tilbake
Rock Pål Thowsen Surprise
Folkemusikk/gammaldans Bjørgum/Berg/Kvifte/Stubseid Slinkombas
Jazz Bjørn Alterhaug Moments
Klassisk musikk/samtidsmusikk Oslo Trio Felix Mendelsohn og Frank Martin komposisjoner
Kor-plate Bergen Domkantori Folketoner i glass og ramme
Visesong Jan Eggum En sang fra vest
Open klasse Det Norske Teatret Så lenge skuta kan gå
Open klasse Jon Eikemo Leser Jacob Sande
Spesialpris: heiderspris frå juryen Reidar Thommessen Garden of Memories
Spesialpris: diplom Pete Knutsen