Slow Down World
Slow Down World Studioalbum av Donovan | ||
Utgjeve | Mai 1976 | |
Innspelt | August 1975 – mars 1976 | |
Studio | A&M Studios i Los Angeles | |
Sjanger | folk | |
Lengd | 39:21 | |
Selskap | Epic | |
Produsent | Donovan Leitch | |
Donovan-kronologi | ||
---|---|---|
7-Tease (1974) |
Slow Down World | Donovan (1977)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | link |
Robert Christgau | (C-) link |
Slow Down World er det trettande studioalbumet til den skotske visesongaren Donovan. Det kom ut i USA i mai 1976 og i Storbritannia den 4. juni 1976.
Historie
[endre | endre wikiteksten]For dei førre albuma sine hadde Donovan hyrt populære plateprodusentar i håp om å selje bra - Mickie Most for Cosmic Wheels, Andrew Loog Oldham for Essence to Essence og Norbert Putnam for 7-Tease. Albuma gjorde derimot ikkje særleg bra og indikerte at populariteten til Donovan var dalande frå superstjernestatus i 1960-åra til ein langt mindre tilhengjarskare. Donovan valde derfor her å ta seg av desse tilhengjarane med å produsere albumet sjølv og skrive songar som var stikk strid med det som var populært på denne tida. Slow Down World inneheld nokre livlege songar, men dei fleste av dei har trøytte og resignerte tekstar.
To av songane på Slow Down World vart skriven av venen Derroll Adams. Derroll var inspirasjonskjelda til «Epistle to Derroll» på A Gift from a Flower to a Garden frå 1968. Donovan-hitten «There is a Mountain» har ein liknande tekst som «The Mountain», ein av Derroll Adams-songane som er spelt her.
Slow Down World nådde 174. plass i USA, like høgt som Essence to Essence men ikkje like høgt som det førre albumet 7-Tease. Slow Down World var det siste albumet til Donovan på Epic Records.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Donovan Leitch, bortsett frå der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Dark-eyed Blue Jean Angel» | 3:50 | |
2. | «Cryin' Shame» | 4:29 | |
3. | «The Mountain» | Derroll Adams | 3:32 |
4. | «Children of the World» | 3:22 | |
5. | «My Love Is True (Love Song)» | Adams | 3:41 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «A Well Known Has-Been» | 7:25 |
7. | «Black Widow» | 5:44 |
8. | «Slow Down World» | 4:22 |
9. | «Liberation Rag» | 2:56 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Donovan - vokal, akustisk gitar, munnspel
- Philip Donnelly - gitar
- David Hungate, Klaus Voormann, Leland Sklar, Wilton Felder - bass
- David Foster - klaverinstrument
- Jay Graydon - synthesizer
- Jim Keltner - trommer
- Bobbye Hall, Emil Richards - perkusjon
- Tom Scott - saksofon
- Chuck Findley - trompet, flygelhorn
- Lew McCreary - trombone
- Douglas Davis - cello
- Al DeLory, B.J. Cook, Donny Gerrard, Ed Whitting, Jeanette Clinger, Jennifer Hicklin, John Merlino, Julia Waters, Maxine Waters, Ron Hicklin, Stacy Jo Clinger, Susie Ives - korvokal
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Slow Down World» frå Wikipedia på engelsk, den 11. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: