[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Skotørkar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein skotørkar er ei maskin som tørkar skor ved at ein plasserer slangar nedi skorne og blæs luft gjennom dei. Luftgjennomstrøymninga fører til at skorne tørkar raskare. Lufta kan vera oppvarma for endå snøggare tørking. Skotørkarar kan vera særleg nyttige dersom ein ofte har våte skor, til dømes dersom ein har små born eller ofte ferdast i skog og mark. Skotørkarar har ofte eit tidsur.[1] Det finst òg skotørkarar som består av ei oppvarma rist som skorne vert sett oppå og som ikkje blæs luft.

Skotørkarar med varme kan føra til brannfare dersom dei står lenge på, og bør difor berre brukast under oppsyn.[2] Mange skotørkarar skapar òg sjenerande støy.[2]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Sørdal, Kristin (18. oktober 2019), «Test av skotørkere», dinside.no (på norsk), henta 27. juli 2021 
  2. 2,0 2,1 Fjeld, Bjørnhild, «Vi fylte skisko med 50 milliliter vann for å finne den beste skotørkeren», www.klikk.no (på norsk), henta 27. juli 2021