Skogn
Skogn | |||
tettstad | |||
Utsikt mot Skogn frå Alstadhaug kyrkje
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Kommune | Levanger | ||
Areal | 1,13 km² | ||
Folketal | 1 952 (2023) | ||
Folketettleik | 1 727 / km² | ||
Postnummer | 7620 SKOGN | ||
Innbyggjarnamn | Skogning | ||
Preposisjon | på Skogn | ||
Skogn 63°42′03″N 11°11′12″E / 63.700833333333°N 11.186666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Skogn |
Skogn er ei bygd og tettstad i Levanger kommune i Trøndelag fylke. Folketalet i tettstaden er 1 952 innbyggjarar per 1. januar 2023.
Skogn var tidlegare eit prestegjeld i Sør-Innherad prosti i Nidaros bispedøme i Den norske kyrkja med sokna Alstadhaug, Ekne og Markabygda.
Skogn er det gamle namnet på det som i dag er Levanger og Mosvik kommunar. I yngre jarnalder (vikingtida) var namnet på området Skeynafylki. Området har alltid vore eit rikt jordbruksområde, og jordbruk er framleis ein viktig næringsveg i bygda.
Fram til 1836 tilsvara Skogn det som i dag er Levanger kommune bortsett frå Åsen. Då vart Levanger by skild ut som bykommune, og Levanger landsokn (seinare Frol) og Ytterøy vart skilde ut som eigne herad frå 1837.
I samband med kommunesamanslåingsprosessen på 50- og 60-talet vart det tale om å slå saman igjen herada og Levanger by til ein ny kommune. I tillegg vart Åsen herad med. Dette gjekk igjennom ganske udramatisk, mykje av di dei som planla å investere i ny papirfabrikk på Skogn la sterkt press for å få det til. Fire av kommunane gjekk saman i 1962, medan Ytterøy kom til i 1964.
Papirfabrikken Nordenfjelske treforedling starta i 1966, noko som vart oppstarten til Norske Skog.
Folk frå Skogn
[endre | endre wikiteksten]- Anders Henriksson Sandstad, gardbrukar og stortingsmann
- Oscar Lynum, bilethoggar
- Gustav Sjaastad, statsråd
- Ragna Berget Jørgensen, stortingsrepresentant
- Eldar Rønning, langrennar