Sjonglering
Sjonglering er ofte brukt som eit paraplyomgrep for fleire typar manipulering av objekt, der det er eit mål å gjere rørsler som er uvanlege, vanskelege eller vakre.
Meir spesifikt refererer sjonglering til gjentatte kast og mottak av objekt som ballar, kjegler og ringar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Sjongleringskunsten går tilbake til ca. 1500 f.kr. (kanskje endå tidlegare). Bilete av sjonglørar har vore funne i egyptiske graver, og sjonglørar var aktive i romarriket.
Triks
[endre | endre wikiteksten]Ein hovudaktivitet blant sjonglørar er å lære seg nye triks. Mange triks (spesielt innan ballsjonglering) kan forklarast med notasjonssystem som siteswap og beatmap, mens andre treng ein meire informasjon for å skildre.
Det grunnleggjande sjongleringsmønsteret for eit odde tal ballar er kaskade. Kvar hand kastar annankvar ball til motsett hand, i eit horisontalt åttetalsmønster. For det vanlege partalsmønsteret fontene ser det ganske likt ut, men her byter aldri ballane hender.
Andre former for sjonglering
[endre | endre wikiteksten]- Diabolo
- Devilstick
- Sigarboks
- Balansering av diverse objekt
- Club-swinging og Poi
- Footbag (hackeysack)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Sjonglering.com Arkivert 2006-12-05 ved Wayback Machine. - Norsk side med informasjon om triks, klubbar og arrangement.