[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Sirup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sirup laga av maltose

Sirup (seint norrønt sirop av arabisk sharab, 'drikk', via latin) er ei seig løysning av sukker i vatn som ein kan bruka til mat, drikke, fôr eller til å gje medisinar. Sirup er gjerne gul eller brun på farge.[1]

  • Etesirup er danna frå sukkerrøyr som eit biprodukt når ein raffinerer sukker. Inneheld hovudsakleg sukrose og noko invertsukker.[2]
  • Glukosesirup eller stivelsessukkersirup er av stive frå potet eller mais. Inneheld glukose, maltose og dekstrin. Maissirup (corn syrup) er mykje brukt i USA.[2]
  • Invertsukkersirup er danna ved at ein varmar opp ei løysing av raffinert sukker med fortynna syrer. Inneheld glukose og fruktose.[2]
  • Lønnesirup (maple syrup) er laga av sevje frå visse lønnetre.[2]

Som farmasøytisk preparat kan sirup innehalda løyste stoffer eller droge-uttrekk.[3]

  1. «sirup» i Nynorskordboka.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «sirup – sukkerløsning». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 3. september 2019. 
  3. «sirup – medisin». Store medisinske leksikon (på norsk bokmål). 20. februar 2018.