[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Sirkumpolarstjerne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei nordlege sirkumpolarstjernene roterer rundt den nordlege himmelpolen. Merk at Polaris, den lyse stjerna nær midten, er nesten stasjonær. Polaris er sirkumpolar og er synleg året rundt. Grafen syner den tilsynelatande posisjonen til stjernene over ein 24-timarsperiode, men i praksis er dei ikkje synlege når sola òg er på himmelen.)
Nordstjerna og sirkumpolare stjerner i eit bilete med lang lukkartid på fleire timar. Merk at stjernene nær himmelpolen lagar kortare veg med lang eksponeringstid.

Sirkumpolarstjerne er ei stjerne plassert slik at avstanden frå himmelpolen er mindre enn polhøgda til observasjonsstaden. Under den daglege dreiinga til jorda vil ei sirkumpolarstjerne alltid vere over horisonten.