[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Sagene IF

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sagene Idrettsforening er eit idrettslag heimehøyrande i bydelen Sagene i Oslo, stifta 9. juli 1921. Laget er aktivt med i bandy, fotball, innebandy, landhockey og sykling. Bryting og rugby kom med som aktivitetar i 2013 og -14. Sagene spelar i svart- og kvitstripete trøyer, samt svarte bukser og kvite strømper.

Klubben var medlem av Arbeidernes Idrettsforbund til Noregs Idrettsforbund vart skipa i 1940 gjennom samanslåinga av AIF og Landsforbundet for idrett. Sagene vart norsk meister i bandy i 1958 og 1966, samt noregsmeister i bandy for kvinner i 2005. Syklisten Thorleif Andresen vart norsk meister i landevegssykling tre gongar i tida 1964-71.

I 2015 er det det kvinnelege innebandylaget som spelar på eliteserienivå. Fotballaget Sagene har aldri spelt høgare enn på tredje nivå i norsk seriefotball.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]