Safita
Safita | |||
by | |||
Safita.
| |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Tartous guvernement | ||
Distrikt | Safita-distriktet | ||
Koordinatar | 34°49′N 36°07′E / 34.817°N 36.117°E | ||
Folketal | 33 000 | ||
Retningsnummer | 43 | ||
Safita 34°49′15″N 36°07′02″E / 34.82081667°N 36.11734444°E | |||
Kart som viser Safita.
| |||
Wikimedia Commons: Safita |
Safita (arabisk صا فيتا, Ṣāfītā fønikisk Safita) er ein by i Tartous guvernement, nordvest i Syria, søraust for Tartous og nordvest for Krak des Chevaliers. Byen har kring 33 000, og innbyggjarane er nesten jamt fordelt mellom gresk-ortodokse kristne og alawittar. Han ligg på toppen av tre åsar og dalane mellom dei, i Dei syriske kystfjella. Safita voks seg viktig gjennom krossfarartida og var busett av tempelriddarane i borga Chastel Blanc, som då var ein del av Grevskapet Tripoli.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen har vore busett sidan fønikisk tid, og fleire arkeologiske funn er gjort frå fønikiske og kanaanittiske busetnader. I 1102 tok Raymond IV av Toulouse kontroll over landet til Banu Ammars-emirane frå Tripoli. Ei fire år lang kringsetjing av Tripoli førte til full kontroll over byen og landområdet kring, inkludert Safita. Mamelukk-sultanen Baibars erobra borga i 1271.
Venskapsbyar
[endre | endre wikiteksten]- Marrickville, Australia[1]
- Lalor (Melbourne)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Safita» frå Wikipedia på engelsk, den 5. juli 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Supplementary Business Paper for Council Meeting 11/05. 13. desember 2005. Marrickville City Council. Henta on 1 July 2007.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Nyhende i Safita (arabisk) Arkivert 2013-06-18 ved Wayback Machine.
- Nyhende i Safita (arabisk)