[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Rock Hard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rock Hard
Studioalbum av Suzi Quatro
Språk engelsk
Utgjeve Oktober 1980[1]
Innspelt 18. juni 1980 - 3. juli 1980
Studio United Western Studios i Hollywood i California i USA
Sjanger
Lengd 36:16
Selskap Dreamland
Produsent Mike Chapman[2]
Suzi Quatro-kronologi 
Suzi ... and Other Four Letter Words
(1979)
Rock Hard Main Attraction
(1982)


Singlar frå Rock Hard
  1. «Rock Hard»
    Utgjeve: 1980
  2. «Glad All Over»
    Utgjeve: 1980
  3. «Lipstick»
    Utgjeve: 1980
  4. «Ego in the Night»
    Utgjeve: 1981
  5. «Woman Cry»
    Utgjeve: 1981
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 stars [3]
Billboard(unrated)[4]

Rock Hard er det sjuande studioalbumet til den amerikanske musikaren Suzi Quatro. Det kom ut i oktober 1980 og var det første og einaste albumet hennar på plateselskapet Dreamland.[1] Albumet vart spelt inn over ein periode på ein månad i 1980, i United Western Studios i Hollywood. Dei tre mykje brukte korvokalistane Paul Delph, Michael Des Barres og Andrea Robinson song på albumet. Det er det siste albumet hennar som gjekk inn på ei albumliste på 26 år, før ho gav ut Back to the Drive i 2006. Albumet inneheld mellom andre songane «Rock Hard»,[5] «Glad All Over» og «Lipstick», som alle vart gjevne ut på singlar. TIttelsporet selde godt og nådde niandeplassen i Australia, men berre 68. plassen i Storbritannia. «Lipstick» selde berre moderat og nådde 46. plassen i Australia og 51. plassen i USA. «Glad All Over» er ein coverversjon av ein song opphavleg av The Dave Clark Five, og i motsetnad til dei andre singlane var han den einaste som nådde lista i Belgia, der han nådde 25. plassen.[6]

Då albumet kom ut fekk det positive meldingar av kritikarane, og mange meinte at det var det beste albumet hennar i 1980-åra. Men det var likevel eit av dei dårlegast selde albuma til Quatro fram til då i karrieren i USA og i Noreg, sjølv om ho fekk ei gullplate for albumet i Australia.

Albumet kom ut på ny i 2012 og var den første av fleire nymastra utgåver på Cherry Red Records på CD. Cherry Red har sidan gjeve ut andre Quatro-album, i tillegg til det siste studioalbumet hennar, In the Spotlight.

I ei melding for AllMusic skreiv Donald A. Guarisco om albumet: «Sjølv om det manglar singelen som ville ha hjelpt det over kneika kommersielt, er Rock Hard så konsistent og likandes at det er vanskeleg å argumentere mot. Kort sagt er Rock Hard noko naudsynt og ei solid lytting for alle som er interessert i korleis kvinneorientert rock var før grrl-rockarar som L7 og Hole kom.»[3]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Rock Hard»Mike Chapman, Nicky Chinn3:18
2.«Glad All Over»Dave Clark, Mike Smith2:47
3.«Love Is Ready»Eddy Brown, Teresa Straley3:30
4.«State of Mind»Suzi Quatro, Len Tuckey2:59
5.«Woman Cry»Quatro, Tuckey3:39
6.«Lipstick»Chapman, Chinn4:09
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«Hard Headed»Brown, Straley4:02
8.«Ego in the Night»Quatro, Tuckey3:36
9.«Lonely is the Hardest»Quatro, Tuckey3:47
10.«Lay Me Down»Quatro, Tuckey, Jamie Crompton3:33
11.«Wish Upon Me»Brown, Straley, David Krems[7]2:56
Total lengd:36:16

Salslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1980/81) Plassering
Australia (Kent Music Report)[8] 31

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 Strong, Martin C. (2000). The Great Rock Discography (5th utg.). Edinburgh: Mojo Books. s. 785–6. ISBN 1-84195-017-3. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Rock Hard - Suzi Quatro | Credits». AllMusic. Henta 15. april 2022. 
  3. 3,0 3,1 Donald A. Guarisco. «Rock Hard - Suzi Quatro - Songs, Reviews, Credits, Awards - AllMusic». AllMusic. Henta 17. april 2022. 
  4. «Review: Suzi Quatro – Rock Hard» (PDF). Billboard 85. 11. oktober 1980. s. 70. ISSN 0006-2510. Henta 17. april 2022 – via American Radio History. 
  5. «Review: Suzi Quatro – Rock Hard» (PDF). Billboard 85. 6. september 1980. s. 73. ISSN 0006-2510. Henta 24. mai 2020 – via American Radio History. 
  6. «Suzi Quatro - Glad All over - ultratop.be». Ultratop. 
  7. «Suzi Quatro - Rock Hard (Vinyl, LP, Album) at Discogs». Discogs.com. Henta 15. april 2022. 
  8. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 243. ISBN 0-646-11917-6.