Rascal Flatts
Rascal Flatts | |||
Rascal Flatts i 2013 (V–H: Rooney, LeVox og DeMarcus) | |||
Opphav | Columbus i Ohio i USA | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1999 til i dag | ||
Sjanger | Country, countrypop | ||
Tilknytte artistar | Dann Huff Mark Bright East to West Chely Wright | ||
Plateselskap | Lyric Street Big Machine | ||
Prisar | stjerne på Hollywood Walk of Fame, American Music Award for Artist of the Year |
Rascal Flatts er ei USA-amerikansk countrypop-gruppe skipa i Columbus i Ohio i 1999. Bandet består av Gary LeVox (solovokal), tremenningen Jay DeMarcus (bassgitar, klaverinstrument, korvokal) og Joe Don Rooney (elektrisk gitar, korvokal). DeMarcus er svogeren til countrysongaren James Otto, og tidlegare eine halvdelen til den kristne musikkduoen East to West.
Frå 2000 til 2010 spelte dei for Disney Music Group sitt Lyric Street Records. For dette selskapet gav dei ut sju album, som alle selde til minst platina. Desse er Rascal Flatts (2000), Melt (2002), Feels Like Today (2004), Me and My Gang (2006), Still Feels Good (2007), Greatest Hits Volume 1 (2008) og Unstoppable (2009). Etter Lyric Street vart nedlagd i 2010, flytta dei til det sjølvstendige Big Machine Records, der dei gav ut ytterlegar tre album: Nothing Like This (2010), Changed (2012) og Rewind (2014).
Studioalbuma deira har gjeve meir enn 25 singlar og 12 av dei har nådd toppen av Billboard Hot Country Songs og/eller Country Airplay. Den største hitten deira har vore ein versjon av Marcus Hummon sin «Bless the Broken Road», som låg fem veker på toppen av lista i 2005. I 2005-2006 var «What Hurts the Most» på toppen av både country- og Adult Contemporary-lista og nådde sjetteplassen på Billboard Hot 100.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- Rascal Flatts (2000)
- Melt (2002)
- Feels Like Today (2004)
- Me and My Gang (2006)
- Still Feels Good (2007)
- Unstoppable (2009)
- Nothing Like This (2010)
- Changed (2012)
- Rewind (2014)
Singlar på toppen av countrylista i USA
[endre | endre wikiteksten]- «These Days» (2002) (3 veker)
- «Mayberry» (2004)
- «Bless the Broken Road» (2005) (5 veker)
- «Fast Cars and Freedom» (2005) (3 veker)
- «What Hurts the Most» (2006) (4 veker)
- «My Wish» (2006)
- «Stand» (2007)
- «Take Me There» (2007) (3 veker)
- «Here» (2009) (2 veker)
- «Here Comes Goodbye» (2009)
- «Why Wait» (2010) (2 veker)
- «Banjo» (2012)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Rascal Flatts» frå Wikipedia på engelsk, den 9. november 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: