Pterodroma
Pterodroma | |
Kvitbukpetrell, Pterodroma incerta | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Aequornithes |
Orden: | Stormfuglar Procellariiformes |
Familie: | Stormfuglfamilien Procellariidae |
Slekt: | Pterodroma Bonaparte, 1856 |
Petrellane i den biologiske slekta Pterodroma er sjøfuglar i stormfuglfamilien, slekta inkluderer om lag 32 artar av mellomstore til store petrellar som beitar på overflata av sjøen.
Pterodroma-petrellar skil seg frå lirer i den uryddige måten dei flyg på over havet med raske vengeslag, der lirer seglar meir elegant over bølgjene.
Desse fuglane har solide nebb som er tilpassa mjuke byttedyr tatt opp frå vassoverflata, dei har vridde tarmar for å fordøye marine dyr med uvanlege biokjemikaliar. Artane er vanskelege å skilje, mange har mørk overside med lysare underside, kort hale og lange venger.
Pterodroma-petrellar hekkar i koloniar på øyar og lever pelagiske utanom hekkesesongen. Kvart kull er på eitt kvitt egg som dei legg i ei hòle på bakken. Dei er nattlege fuglar.
Artsliste
[endre | endre wikiteksten]Pterodroma i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]
- Storvengpetrell, Pterodroma macroptera, Great-winged Petrel, Smith, A, 1840, (LC)
- Gråmaskepetrell, Pterodroma gouldi, Gray-faced Petrel, Hutton, FW, 1869, (LC)
- Kermadecpetrell, Pterodroma neglecta, Kermadec Petrel, Schlegel, 1863, (LC)
- Magentapetrell, Pterodroma magentae, Magenta Petrel, Giglioli & Salvadori, 1868, (CR)
- Trindadepetrell, Pterodroma arminjoniana, Trindade Petrel, Giglioli & Salvadori, 1868, (VU)
- Heroldpetrell, Pterodroma heraldica, Herald Petrel, Salvin, 1888, (LC)
- Tuamotupetrell, Pterodroma ultima, Murphy's Petrel, Murphy, 1949, (NT)
- Lordhowepetrell, Pterodroma solandri, Providence Petrel, Gould, 1844, (VU)
- Hendersonpetrell, Pterodroma atrata, Henderson Petrel, Mathews, 1912, (EN)
- Madeirapetrell, Pterodroma madeira, Zino's Petrel, Mathews, 1934, (EN)
- Kappverdepetrell, Pterodroma feae, Fea's Petrel, Salvadori, 1900, (NT)
- Silkepetrell, Pterodroma mollis, Soft-plumaged Petrel, Gould, 1844, (LC)
- Rodriguespetrell, Pterodroma baraui, Barau's Petrel, Jouanin, 1964, (EN)
- Kvithovudpetrell, Pterodroma lessonii, White-headed Petrel, Garnot, 1826, (LC)
- Gråbukpetrell, Pterodroma inexpectata, Mottled Petrel, Forster, 1844, (NT)
- Bermudapetrell, Pterodroma cahow, Bermuda Petrel, Nichols & Mowbray, 1916, (EN)
- Vestindiapetrell, Pterodroma hasitata, Black-capped Petrel, Kuhl, 1820, (EN)
- Juanfernandezpetrell, Pterodroma externa, Juan Fernandez Petrel, Salvin, 1875, (VU)
- Kvitbukpetrell, Pterodroma incerta, Atlantic Petrel, Schlegel, 1863, (EN)
- Galapagospetrell, Pterodroma phaeopygia, Galapagos Petrel, Salvin, 1876, (CR)
- Hawaiipetrell, Pterodroma sandwichensis, Hawaiian Petrel, Ridgway, 1884, (VU)
- Macauleypetrell, Pterodroma cervicalis, White-necked Petrel, Salvin, 1891, (VU)
- Boninpetrell, Pterodroma hypoleuca, Bonin Petrel, Salvin, 1888, (LC)
- Gråkragepetrell, Pterodroma nigripennis, Black-winged Petrel, Rothschild, 1893, (LC)
- Chathampetrell, Pterodroma axillaris, Chatham Petrel, Salvin, 1893, (VU)
- Flaggermuspetrell, Pterodroma cookii, Cook's Petrel, Gray, 1843, (VU)
- Masatierrapetrell, Pterodroma defilippiana, Masatierra Petrel, Giglioli & Salvadori, 1868, (VU)
- Sotkragepetrell, Pterodroma leucoptera, Gould's Petrel, Gould, 1844, (VU)
- Halsbandpetrell, Pterodroma brevipes, Collared Petrel, Peale, 1849, (VU)
- Sotnakkepetrell, Pterodroma longirostris, Stejneger's Petrel, Stejneger, 1893, (VU)
- Maoripetrell, Pterodroma pycrofti, Pycroft's Petrel, Falla, 1933, (VU)
- Phoenixpetrell, Pterodroma alba, Phoenix Petrel, Gmelin, 1789, (EN)
- Vanuatupetrell, Pterodroma occulta, Vanuatu PetrelImber & Tennyson, 2001[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger dels på «Gadfly petrel» frå Wikipedia på engelsk, den 8. september 2009
- Schreiber, Elizabeth A. & Burger, Joanne (2001) Biology of Marine Birds, Boca Raton:CRC Press, ISBN 0-8493-9882-7
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)
- ↑ Nokre artstakson er ikkje anerkjente artar hos BirdLife International, dei er derfor ikkje plasserte inn i ein raudlistekategori. (NR - Not recognized)