Porthleven
Porthleven | |||
by | |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Region | South West England | ||
Fylke | Cornwall | ||
Folketal | 3 190 (2001) | ||
Porthleven 50°04′05″N 5°18′58″W / 50.068°N 5.316°W | |||
Wikimedia Commons: Porthleven |
Porthleven er ein fiskarby som ligg sør i Cornwall i England.[3] Byen har 3 059 innbyggjarar (2011).[4] Han har den sørlegaste hamna på øya Storbritannia.[5]
Denne delen av Cornwall-kysten har ei lang historie med skipbrot. Særleg Loe Bar i nærleiken er kjend som ein farleg stad som symjarar og surfarar blir åtvara mot framleis.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Namnet «Porthleven» er sett saman av Porth eller Port, som tyder 'hamn', og anten leven som er kornisk for 'glatt', eller St Elvan, etter ein helgen frå 400-talet. Det fanst tidlegare ei busetjing i nærleiken som heitte St Elvan.[6]
Staden Porthleven ligg på var opphavleg ei myrete vik med ein bekk som markerte skiljet mellom sokna Breage og Sithney. På 1300-talet var det ein liten fiskarlandsby her. På 1700-talet slo også gards- og gruvearbeidarar seg ned her. Landsbyen blei kalla Porth Leuan eller Port Leven. Soknet Porthleven blei skipa i 1846.[6]
Hamna i Porthleven blei bygd tidleg på 1800-talet som ei trygg hamn ved ein farleg kyst. I 1807 grunnstøtte frigatten HMS «Anson» på Loe Bar, og ein reknar med at 130 menneske drukna. Dette førte til ei parlamentsavgjerd om å byggja ei trygg hamn ved banken.[6] Den opphavlege hamna vende mot sørvest, like mot dei sterkaste vindane.[7] Ho stod ferdig i 1825, etter fjorten års byggjearbeid der franske krigsfangar frå napoleonskrigane deltok.[6] Seinare blei det også bygd ei endå tryggare indre hamn. Denne blei laga i 1858.[7]
Redningsbåtorganisasjonen Royal National Lifeboat Institution (RNLI) plasserte ein livbåt her i 1863. Eit båthus med slipp blei bygd for han i 1894 på vestsida av hamna. Stasjonen blei stengd i 1929 då ein tok i bruk redningsbåtar med motor som kunne dekkja heile Mount's Bay frå The Lizard og Penlee i staden. Båthuset blei brukt som lagerstad fram til det blei gjort om til museumet Shipwreck Centre.[8]
Byen hadde ein stor fiskarflåte og båtbyggeindustri. Folketalet i 1900 var nesten 2000. Den tradisjonelle trebåtindustrien gjekk etterkvart tilbake. Fisket fortsette til ein viss grad, og det finst i dag fleire sjømatrestaurantar i byen.[6] Mellom anna har kjendiskokken Rick Stein ein restaurant her.[9]
Turisme er blitt stadig viktigare for Porthleven.[6] Han er blitt ein viktig surfestad.[10] Kajakkpadling er ein anna populært aktivitet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 https://www.cornwall.gov.uk/media/5eobmxvd/tcrf-towns-eligibility-and-populations.pdf.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 «Parish Profiles». Office for National Statistics. Henta 5. august 2024.
- ↑ Ordnance Survey linked data
- ↑ Neighbourhood statistics, arkivert frå originalen 9. desember 2015, henta 31. juli 2017
- ↑ «Cornwall Online - The Lizard Peninsula Guide». Lizard-peninsula.co.uk. Arkivert frå originalen 2 May 2016. Henta 19. oktober 2016.
- ↑ 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 The History Of Porthleven In Cornwall, porthleven-online.com, arkivert frå originalen 3. oktober 2009, henta 31. juli
- ↑ 7,0 7,1 Porthleven Harbour In Cornwall - Unspoilt Fishing Harbour, porthleven-online.com, arkivert frå originalen 29. desember 2016, henta 31. juli 2017
- ↑ Leach, Nicholas (2006) [2000]. Cornwall's Lifeboat Heritage. Chacewater: Twelveheads Press. s. 37–38. ISBN 0-906294-43-6.
- ↑ «Rick Stein's restaurant in Porthleven». Rickstein.com. 1. september 2015. Arkivert frå originalen 19. september 2016. Henta 19. oktober 2016.
- ↑ «Porthleven Spot Guide - Surf Forecast and Report». Magicseaweed.com. Henta 19. oktober 2016.