Podilsk
Utsjånad
Podilsk | |||
Подільськ | |||
by | |||
Minnesmerke i Podilsk
| |||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
Oblast | Odessa oblast | ||
Koordinatar | 47°45′N 29°32′E / 47.750°N 29.533°E | ||
Areal | 15 km² | ||
Folketal | 40 668 (2011) | ||
Folketettleik | 2 711 / km² | ||
Grunnlagd | 1779 | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Postnummer | 66300—314 | ||
Podilsk 47°44′31″N 29°32′06″E / 47.741944°N 29.535°E | |||
Kart som viser Podilsk.
| |||
Wikimedia Commons: Podilsk |
Podilsk (ukrainsk skrift Подільськ, rumensk Birzula) er ein by i Odessa oblast i Ukraina, det administrative senteret i Podilskyj rajon. Byen har kring 40 000 innbyggjarar (2011).
Byen var hovudstad i Den moldovske autonome sovjetiske sosialistrepublikken frå 1928 til 1929 under namnet Birzula. Den sovjetiske kommandanten Grigorij Kotovskij vart gravlagd i eit mausoleum i byen. I 1935 vart byen kalla opp etter han, som Kotovsk. Mausoleet vart sidan øydelagd under den rumenske okkupasjonen av Transistria i andre verdskrigen.
I mai 2016 blei byen omdøypt frå Kotovsk til Podilsk i tråd med det ukrainske forbodet mot namn av kommunistisk opphav.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Про перейменування деяких населених пунктів» (på ukrainsk). Holos Ukrainy. 21 May 2016. Henta 1. juni 2016.
- Denne artikkelen bygger på «Kotovsk, Ukraine» frå Wikipedia på engelsk, den 30. september 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Podilsk» frå Wikipedia på engelsk, den 7. juni 2016.