Pickin' Up the Pieces av Poco
Pickin' Up the Pieces Studioalbum av Poco | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 19. mai 1969 | |
Innspelt | Januar 1969 | |
Sjanger | Countryrock | |
Lengd | 42:43 | |
Selskap | Epic | |
Produsent | Jim Messina | |
Poco-kronologi | ||
---|---|---|
Pickin' Up the Pieces | Poco (1970)
|
Pickin' Up the Pieces er debutalbumet til det amerikanske countryrockbandet Poco, gjeve ut i 1969.[1] Det var eit av dei første albuma med countryrock. Fleire av songane her er datert attende til dagane då Richie Furay spelte i Buffalo Springfield. Ei tidleg utgåve av «What a Day» kom ut i den sjølvoppkalla plateboksen til Springfield i 2001.
Bassisten Randy Meisner speler på albumet, men slutta i bandet før albumet kom ut. Meisner vart sint då Furay nekta han å få høyre på den ferdige miksen av albumet, sidan det berre var Messina og Furay som hadde arbeidd med å mikse det. Biletet av Meisner vart fjerna frå plateomslaget og erstatta av ein hund lengst til venstre på biletet. Bass-spelinga og korvokalen hans vart verande att i miksen, men solovokalen hans vart fjerna og erstatta med vokalen til George Grantham.
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Robert Christgau | B[2] |
I meldinga si for Allmusic kalla Bruce Eder albumet «ei oppsiktsvekkjande god plate, like meisterleg som nokre av platene til Buffalo Springfield, og kan samstundes minne om The Beatles og The Byrds. Blandinga av feststemde songar, kjappe instrumentalar, og den generelle rosenraude kjensla, gjer dette til ein flott introduksjon til bandet, i tillegg til eit landemerke for countryrocken, men likevel ikkje like viktig (men utan tvil meir morosam enn) Sweetheart of the Rodeo.»[1] Robert Christgau skreiv «Fint og lukkeleg, men skuffande med tanke på kven som speler på albumet.»[2]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Foreword» | Richie Furay, Kathy Johnson | 0:48 |
2. | «What a Day» | Furay | 2:28 |
3. | «Nobody's Fool» | Furay | 3:26 |
4. | «Calico Lady» | Furay, Jim Messina, Skip Goodwin | 3:03 |
5. | «First Love» | Furay | 3:08 |
6. | «Make Me a Smile» | Furay, Messina | 3:18 |
7. | «Short Changed» | Furay | 3:17 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
8. | «Pickin' Up the Pieces» | Furay | 3:20 |
9. | «Grand Junction» | Rusty Young | 2:58 |
10. | «Oh Yeah» | Furay, Messina | 4:06 |
11. | «Just in Case It Happens, Yes Indeed» | Furay | 2:45 |
12. | «Tomorrow» | Furay, Goodwin | 3:11 |
13. | «Consequently, So Long» | Furay, Goodwin | 3:50 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
14. | «Do You Feel It Too» (alternativ opptak) | Furay | 3:05 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Jim Messina – akustisk og elektrisk 6-strengsgitar, korovokal og solovokal (10)
- Richie Furay – 12-strengsgitar, solovokal (1-3, 6, 8, 11-14) og korvokal
- Rusty Young – steelgitar, banjo, dobro, gitar, piano
- Randy Meisner – bassgitar, korvokal
- George Grantham – trommer, korvokal, solovokal (4, 5, 7)
- Bobby Doyle – piano
- Milt Holland – perkusjon
Produksjon
[endre | endre wikiteksten]- Produsent: Jim Messina
- Lydteknikar: Terry Donovan
- Arrangør: Nick DeCaro
- Fotografi: Frank Bez
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Pickin' Up the Pieces (Poco album)» frå Wikipedia på engelsk, den 11. oktober 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Eder, Bruce. «Pickin' Up the Pieces > Review». Allmusic. Henta 11. oktober 2020.
- ↑ 2,0 2,1 Christgau, Robert. «Robert Christgau: CG: Poco». robertchristgau.com. Henta 21. desember 2013.