[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Per Arne Olsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Per Arne Olsen

Fødd21. februar 1961
Tønsberg
Død18. november 2022 (61 år)
Statsborgar avNoreg
PartiFramstegspartiet
Yrkepolitikar
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (2001–2005)
  • stortingsrepresentant (2009–2013)
  • ordførar i Tønsberg (2003–2009)
  • vararepresentant til Stortinget (2005–2009)
  • statsforvaltar i Vestfold og Telemark (2019–2022)
  • fylkesmann i Vestfold (2016–2018) Sjå dette på Wikidata

Per Arne Lodding Olsen (21. februar 196118. november 2022) var ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Han vart vald inn på Stortinget frå Vestfold fylke i 2009, var andre nestleiar i partiet og ordførar i Tønsberg kommune frå 2003 til 2009.

Olsen vart i august 2016 statsforvaltar i Vestfold, og frå 1. januar 2019 i det nye fylkesmannsembetet i Vestfold og Telemark fylke.[1][2]

Stortinget var Olsen medlem av helse- og omsorgskomiteen og av valkomiteen.

Olsen overtok som andre nestformann i sentralstyret i partiet etter John Alvheim. Han var varamedlem i Kringkastingsrådet frå 1998 til 2009 og medlem i styret for Folketrygdfondet frå 1992 til 2009.

Per Arne Olsen jobba mellom anna som kontorsjef ved hovudkontoret til Framstegspartiet i Oslo og som generalsekretær i Framstegspartiet sin Ungdom.

  1. «Fylkesmann Per Arne Olsen». Fylkesmannen i Vestfold. 15. september 2016. Henta 26. januar 2018. 
  2. «Per Arne Olsen blir fylkesmann for den nye regionen». NRK Vestfold. 16. juni 2017. Henta 20. august 2019. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]