[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Pajala

Koordinatar: 67°12′43.243″N 23°21′57.096″E / 67.21201194°N 23.36586000°E / 67.21201194; 23.36586000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

67°12′43.243″N 23°21′57.096″E / 67.21201194°N 23.36586000°E / 67.21201194; 23.36586000

Pajala
busetnad
Land  Sverige
Areal 310 km²
Folketal 2 013 (31. desember 2020)
Kart
Pajala
67°12′43″N 23°22′03″E / 67.212058380747°N 23.367458041368°E / 67.212058380747; 23.367458041368
Wikimedia Commons: Pajala

Pajala er ein svensk tettstad ved Torne älv i Norrbottens län i landskapet Norrbotten, nær grensa til Finland. Han er administrasjonssenter i Pajala kommun. I 2011 hadde tettstaden 1 958 innbyggjarar.

Presten og botanikaren Lars Levi Læstadius, som er mest kjend som mannen bak læstadianismen, budde og arbeidde i Pajala på midten av 1800-talet.

Ved ein feil vart Pajala bomba av sovjetiske fly under vinterkrigen våren 1940, men ingen menneske omkom. Det vart sleppt 134 bombar, seks bygningar brann ned. Berre to personar pådrog seg mindre skadar.[1] Sovjetiske offiserar inspiserte seinare skadane, og Sovjetunionen betalte erstatning for dei.

Litteratur om Pajala

[endre | endre wikiteksten]

Handlinga i Mikael Niemi-boka Populærmusikk frå Vittula utspelar seg hovudsakleg i Pajala. Vittula, eigentleg Vittulajänkkä («Fittemyra»), er eit folkeleg namn på eit villaområde i Pajala.

Ei anna skildring frå Pajala av same forfattar er boka Mannen som enda som en lax. I denne kriminalromanen belyser forfattaren mellom anna situasjonen til tornedalsfinsk (meänkieli) i dagens Pajala.

Samferdsel

[endre | endre wikiteksten]

Pajala-Ylläs Airport har daglege samband til Luleå. Elles har tettstaden fleire daglege bussavgangar til byar og tettstader i Norrbottens län.

Ishockeyspelaren Johan Tornberg, som scora det avgjerande målet i finalen i Ishockey-VM 1998, kjem frå Pajala. I sentrum av Pajala står det eit solur som mæler over 38 meter i diameter.

Geologiske undersøkingar gjort i traktene rundt Pajala har vist større førekomster av ulike slags utvinnbare mineral som kopar og jarn. Dette har ført til drøftingar om ein eventuell ny jarnbane til Skibotn i Noreg, med tanke på ei isfri utskiping derfrå, alternativt ein bane til Gällivare med tanke på utskipning frå Narvik eller direkte til Luleå.

  1. Time – "Darkening Up Here', arkivert frå originalen 30. september 2007, henta 7. juli 2012 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]