Padder
Utsjånad
Padder kan visa til alle amfibium eller ulike grupper av amfibium, anten i ordenen Anura (halelause padder), som også omfattar froskar, eller i familien Bufonidae (ekte padder). Dyret som er best kjend som padde i Noreg er arten Bufo bufo, også kalla nordpadde eller vanleg padde.
Ein reknar typisk padder som kraftigare i kroppsbygnad enn froskar. Dei hoppar mindre og er kjenneteikna av klumpete kjertlar («vorter») i huda.
Padder er eit symbol for kanaløya Jersey. Innbyggjarane der er tradisjonelt blitt kalla «les crapauds» ('paddene'), kanskje fordi desse dyra lever på Jersey men ikkje på naboøya Guernsey.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «padder» i Store norske leksikon. Henta 9. februar 2013.
- «padde» i Nynorskordboka.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten] Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Padder