Otto Lilienthal
Otto Lilienthal | |||
| |||
Fødd | Karl Wilhelm Otto Lilienthal 23. mai 1848 Anklam | ||
---|---|---|---|
Død | 10. august 1896 Berlin | ||
Nasjonalitet | Kongedømet Preussen | ||
Område | luft- og romfartsteknikk | ||
Yrke | flyingeniør, flygar, oppfinnar |
Otto Lilienthal (23. mai 1848–10. august 1896) var ein tysk flypioner og oppfinnar.
Han var den fyrste til å utføra gjentekne, veldokumenterte suksessrike flygingar med glidefly.[1] Arbeidet hans førte fram til utviklinga av den moderne flyvengen.[2][3]
Lilienthal utførte ca. 2 000 flygingar med glideflyet sitt frå 1891 til han døydde fem år seinare. Lilienthal gjorde den grunnleggjande forskinga innan aerodynamikk og forma til flyging. Han la grunnlaget for Wright-brørne si motoriserte flyging nokre år seinare.
Lilienthal opplevde nokre flystyrtar med glideflyet sitt, men desse var alle i låg fart og høgd og gjorde difor ikkje så mykje skade. Den 9. august 1896 knakk vengen på glideflyet hans som følgje av eit kraftig vindkast, han fall 17 meter rett ned og brekte ryggen. Han døydde neste dag, etter å ha sagt: «Opfer müssen gebracht werden!» («offer må gjerast»).
Tegel lufthamn er oppkalla etter Lilienthal. Det finst eit minnesmerke over Lilienthal i Berlins ortsteil Steglitz. Dette minnesmerket heiter Flyberget.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ DLR baut das erste Serien-Flugzeug der Welt nach Arkivert 26. november 2018 ved Wayback Machine. 2017.
- ↑ Otto-Lilienthal-Museum. «Otto-Lilienthal-Museum Anklam». Lilienthal-museum.de. Henta 4. mars 2022.
- ↑ «The Lilienthal glider project – DLR Portal». Dlr.de. Arkivert frå originalen 7 March 2022. Henta 4. mars 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Otto Lilienthal» frå Wikipedia på bokmål, den 10. oktober 2018.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |