Oscar Wergeland
Oscar Wergeland | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 12. oktober 1844 Christiania |
Død |
20. mai 1910 (65 år) |
Yrke | kunstmålar, sjangermaler |
Sjanger | historiemåleri, portrett |
Oscar Wergeland på Commons |
Oscar Arnold Wergeland (12. oktober 1844–20. mai 1910) var ein norsk historiemålar frå Kristiania. Han er best kjend for måleriet Eidsvold 1814 , måla i 1885. Biletet heng bak talarstolen i Stortingssalen.
Wergeland var elev hjå David Arnesen i Christiania 1859, og ved Den kongelige Tegne- og Kunstskole i Christiania 1865-1867. Han var og innom Eckersbergs malerskole i fleire omgangar i perioden 1865-69. Etter dette vart han student ved Det Kongelige Danske Kunstakademi i København 1869-70, og i München 1874-76.
Saman med Eilif Peterssen er han ein av få norske målarar som har vald historiemåleriet som hovudsjanger. Wergelands produksjon tel ei lang rekke skildringar frå dansk og norsk historie. Han arbeidde særleg med motiv frå vikingtida. Etter at han kom heim frå München vart han i 1889 lærar ved Tegneskolen. To av bilda hans heng i Nasjonalgalleriet.
Oscar Arnold Wergelands farfar Lars Johan Wergeland var bror av eidsvollsmannen Nicolai Wergeland.
Riksforsamlingen 1814
[endre | endre wikiteksten]Arbeidet med Riksforsamlingen starta truleg i 1882, og biletet vart gjeve til Stortinget i 1885 som ei gåve frå korpslege Lorentz Reinhold Boll Ring. I alt er det 55 portrett i Riksforsamlingen. Som forarbeid til biletet måla Wergeland 27 portrett, samla på 17 bilete. Dei heng nå i Eidsvollsbygningen.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Ramndal, Lars. «Oscar Wergelands Eidsvoll 1814: eit folkekjært kunstverk 80 år» I: Syn og Segn, 1965.
- kunstnere i Akershus Oscar Wergeland biografi
- stortinget.no Om Wergeland og måleriet Riksforsamlingen
- O Væring.no Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine. Seks bilder av Wergeland
- Utdjupande artikkel om Wergeland skriven av Sissi Solem Winge.
- Oscar Wergeland på Store Norske Leksikon.