Oprah Winfrey
Oprah Winfrey (fødd Orpah Gail Winfrey, 29. januar 1954) er ein amerikansk skodespelar, programleiar og velgjerar. Ho er særleg kjend frå talkshowet sitt, The Oprah Winfrey Show, som gjekk frå 1986 til 2011.[2]
Ho var den rikaste afro-amerikanaren frå 1900-talet,[3][4] og den første farga multi-milliardæren i Nord-Amerika.[5] Winfrey er blitt rangert som den største svarte velgjeraren i USA-amerikansk historie.[6][7]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Oprah Winfrey blei fødd i småbyen Kosciusko i Mississippi som dotter av ei einsleg tenåringsmor, Vernita Lee (1935–2018). Ho blei kalla «Orpah» etter Orpa i Ruts bok i Bibelen, men namnet hennar blei stadig vekk uttalt som «Oprah», og dette blei etterkvart namnet ho brukte.[1] Kort tid etter at Winfrey blei fødd migrerte mora nord, og Winfrey budde dei første seks åra av oppveksten hjå mormora, Hattie Mae (Presley) Lee (1900–1963). Ho var så fattig at Winfrey ofte hadde klede laga av potetsekkar, noko andre ungar erta henne for.[8][9]
Då Winfrey var seks flytta ho til Milwaukee i Wisconsin, der mora hadde arbeid som tenestejente.[10] Rundt denne tida hadde Lee også fått ei anna dotter, Patricia.[11] I 1962 hadde Lee vanskar med å passa på begge døtrene, så Winfrey blei send for å bu ei stund hjå Vernon Winfrey - vanlegvis rekna som den biologiske faren hennar - i Nashville i Tennessee.[12] Medan Winfrey budde i Nashville fekk mora ei tredje dotter[13] som blei adoptert bort.[14] Winfrey fann først ut at ho hadde denne halvsystera i 2010.[14] Då Winfrey vende tilbake til mora hadde ho fått ein ny halvbror, Jeffrey.[15] Jeffrey døydde av sjukdommar knytt til AIDS i 1989.[15] Patricia døydde av helseproblem knytt til kokainmisbruk i 2003, 43 år gammal.[15]
Winfrey har fortald at ho blei seksuelt misbrukt som barn av ein fetter, ein onkel og ein venn av familien frå ho var ni. Ho fortalde dette først offentleg i 1986 då ein episode av fjersnynsprogrammet hennar handla om seksuelt misbruk.[16][17] Då Winfrey snakka om misbruket med familiemedelmmer som 24-åring skal dei ha nekta å tru på henne.[18]
Oprah Winfrey har ein gong sagt at ho valde å ikkje bli mor fordi ho ikkje sjølv hadde opplevd god foreldreskap.[19] Då ho var 13, etter det ho har omtalt som årevis med mishandling, rømte Winfrey heimefrå.[1] Då ho var 14 blei ho gravid, men sonen hennar blei fødd prematurt og døydde kort tid etter fødselen.[20]
Winfrey blei elev ved Lincoln High School i Milwaukee, men etter suksess i det føderale utdanningsprosjektet Upward Bound blei ho overført til rike forstadsskulen Nicolet High School. Her opplevde ho at ho stadig blei gjort merksam på fattigdommen sin der ho tok bussen til og frå skulen med afroamerikanarar som i nokre høve var tenarar hjå familiane til medelevar. Ho byrja stela pengar frå mora for å passa inn saman med dei pengesterke medelevane sine, å lyga til og krangla med mora, og å gå ut med eldre gutar.[21] I frustrasjon sende mora hennar endå ein gong til Vernon Winfrey i Tennessee. Vernon var streng, men oppmuntrande, og prioritetert utdanninga hennar. Winfrey blei ein stjerneelev, blei vald til «Most Popular Girl» på skulen, og blei med i tale-gruppa på East Nashville High School, som ho vann andreplass med i den nasjonale tevlinga for dramatisk tolking.[22]
Ho vann ein tale-konkurranse som sikra henne eit fullt stipend til Tennessee State University, ein historisk svart institusjon]]. Då ho var 17 vann Winfrey venleikstevlinga «Miss Black Tennessee».[23] Ho blei også lagt merke til av ein lokal afroamerikansk radiostasjon, WVOL, som gav henne deltidsarbeid som nyheitsopplesar.[16]
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Film
[endre | endre wikiteksten]Winfrey spelte i i Steven Spielberg si filmatisering frå 1985 av Alice Walker si bok The Color Purple (Purpurfargen). Ho spelte husmora Sofia, og blei nominert til ein oscarpris for beste kvinnelege birolle. Boka til Walker blei seinare gjort om til ein musikal som hadde premiere i 2005, og der Winfrey var nemnd som produsent.
I oktober 1998 produserte og spelte Winfrey i filmen Beloved, som byggjer på Toni Morrison sin roman av same namn. I 2005 gav Harpo Productions ut ei filmatisering av Zora Neale Hurston sin roman frå 1937, Their Eyes Were Watching God. Filmen hadde Halle Berry i den kvinnelege hovudrolla.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 Winfrey has said in interviews that "my name had been chosen from the Bible. My Aunt Ida had chosen the name, but nobody really knew how to spell it, so it went down as "Orpah" on my birth certificate, but people didn't know how to pronounce it, so they put the "P" before the "R" in every place else other than the birth certificate. On the birth certificate it is Orpah, but then it got translated to Oprah, so here we are." «Oprah Winfrey Interview». Academy of Achievement. 21. januar 1991. Arkivert frå originalen 19. januar 2016. Henta 25. august 2008.
- ↑ «Oprah Winfrey signs with King World Productions for new three-year contract to continue as host and producer of "The Oprah Winfrey Show" through 2010–2011» (Press release). King World Productions. August 4, 2004. Arkivert frå originalen 10. fbruar 2007. Henta September 24, 2009.
- ↑ [1]
- ↑ Miller, Matthew (May 6, 2009). «The Wealthiest Black Americans». Forbes. Henta August 26, 2010.
- ↑ Nsehe, Mfonobong. «The Black Billionaires 2015». Forbes.
- ↑ «Biography.com». Biography.com. Arkivert frå originalen 13. januar 2010. Henta August 26, 2010.
- ↑ «Oprah Winfrey Debuts as First African-American On BusinessWeek's Annual Ranking of 'Americas Top Philanthropists'» (Press release). Urban Mecca. November 19, 2004. Arkivert frå originalen 20. november 2004. Henta 25. august 2008.
- ↑ "You go, girl" "The Observer Profile: Oprah Winfrey", The Observer (UK), 20. november 2005.
- ↑ «Ancestry of Oprah Winfrey». Genealogy.about.com. Henta 22. august 2014.
- ↑ Jill Nelson. "The Man Who Saved Oprah Winfrey", The Washington Post, December 14, 1986, s. W30.
- ↑ Mair (1999) s. 12.
- ↑ Mair (1999), s. 13–14.
- ↑ Collins, Leah (24. januar 2011). «Oprah's Big Secret? She Has a Half-Sister». Montreal Gazette. Arkivert frå originalen 27. januar 2011. Henta 23. februar 2011.
- ↑ 14,0 14,1 Oldenburg, Ann. "Oprah's Secret Is Out!", USA Today, 24. januar 2011..
- ↑ 15,0 15,1 15,2 Garson, Helen S. Oprah Winfrey: A Biography (Greenwood, 2004), ISBN 978-0-313-32339-3, s. 20.
- ↑ 16,0 16,1 Lee Winfrey, "Praise from All Corners for New Talk Show Host", Syracuse Herald Journal, 9. september 1986, s. 44.
- ↑ Thomas Morgan. "Troubled Girl's Evolution into an Oscar Nominee". The New York Times, 4. mars 1986, s. C17.
- ↑ Garson, Helen S. Oprah Winfrey: A Biography, (Greenwood, 2004), ISBN 978-0-313-32339-3, s. 22
- ↑ «Oprah Winfrey: It's good to talk». BBC News. 20. november 2009. Henta 26. agust 2010.
- ↑ «Oprah Winfrey». The Biography Channel. Arkivert frå originalen 7. mars 2008. Henta 8. februar 2008.
- ↑ Nagle, Jeanne M. Oprah Winfrey: Profile of a Media Mogul, Rosen Publishing, 2007; s. 12.
- ↑ «Biography.com». Biography.com. Arkivert frå originalen 5. november 2012. Henta 18. september 2012.
- ↑ «Oprah Winfrey Biography». People. Henta 13. mars 2008.
- Engelsk Wikipedia om Oprah Winfrey, henta inn 5. juni 2012 og 3. februar 2019.