Once Upon a Time av Simple Minds
Once Upon a Time Studioalbum av Simple Minds | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 21. oktober 1985 | |
Studio | The Town House | |
Sjanger | ||
Lengd | 40:12 | |
Selskap | ||
Produsent | ||
Simple Minds-kronologi | ||
---|---|---|
Sparkle in the Rain (1984) |
Once Upon a Time | Street Fighting Years (1989)
|
Once Upon a Time er det sjuande studioalbumet til det skotske poprockbandet Simple Minds, gjeve ut i oktober 1985 på Virgin (A&M i USA).
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Produsenten på albumet var Jimmy Iovine, som hadde arbeidd med artistar som gjerne hadde ein aggressiv, gitarbasert stil, som Bruce Springsteen og Stevie Nicks, og han tok med seg denne tilnærminga til bandet. Iovine pressa særleg frontmannen Jim Kerr mot ein meir energisk vokal.[1]
Sjølv om dei alt var suksessrike i heimlandet og forskjellige land i Europa og Oseania, var Simple Minds berre nyleg blitt populære i USA, hovudsakleg på grunn av songen «Don't You (Forget About Me)», skriven av Keith Forsey og Steve Schiff. Denne songen var på filmmusikkalbumet til The Breakfast Club og gjekk til topps på singellista i USA. Men bandet tok med vilje ikkje denne songen med på albumet fordi dei hadde vore motvillige til å spele han inn. Likevel vart den bombastiske poprock-stilen på denne songen tonegjevande for mykje av Once Upon a Time, særskild den arena-venlege singelen «Alive and Kicking». Once Upon a Time har òg somme likskapar med det førre studioalbumet deira, Sparkle in the Rain, som utforska ein liknande stil.
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Encyclopedia of Popular Music | [2] |
The Great Rock Discography | 8/10[3] |
Q | [4] |
Record Collector | [5] |
The Rolling Stone Album Guide | [6] |
The Village Voice | B−[7] |
Albumet kom ut 21. oktober 1985 og toppa albumlista i Storbritannia og nådde tiandeplassen i USA, der det låg fem veker på rad.
Det vart gjeve ut fire singlar frå albumet: «Alive and Kicking» (Storbritannia nr. 7, USA nr. 3), «All the Things She Said» (Storbritannia nr. 9, USA nr. 28), «Sanctify Yourself» (Storbritannia nr. 10, USA nr. 14) og «Ghost Dancing» (Storbritannia nr. 13).
Kritikaren MacKenzie Wilson roste seinare albumet for AllMusic og skreiv at det gav lyttarane ein «rå energi og solide komposisjonar, som dei ikkje heilt klarte å oppnå på dei tidlegare albuma sine.» Han likte særskild singlane «Alive and Kicking» og «Sanctify Yourself.»[1]
Once Upon a Time kom ut med to forskjellige omslag då det kom ut første gongen. Det alternativet omslaget nyttar baksida som framsida og motsett. Albumet vart ommastra og gjeve ut på ny i 2002 og 2003. Det kom òg ut på SACD i 2003. I 2005 gav Virgin ut albumet på nytt i ei DVD-Audio-utgåve. Alle songane vart då miksa i 5.1-kringlyd, og så miksa ned til 2.0-stereo for å vere kompatibel med musikkanlegg som ikkje hadde kringlyd. I dei fleste tilfelle er spora på denne nye miksen noko lengre enn på originalen. I 2012 kom ei ny utgjeving av albumet i ein plateboks med fem plater, kalla 5 Album Set. 4. desember 2015 vart fleire format av albumet gjeve ut i ei luksus- og superluksusutgåve i ein plateboks med fem CD-plater og ein DVD.
I 2013 vart «All the Things She Said» nytta på ein av radiostasjonane i videospelet Grand Theft Auto V.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Jim Kerr, Charlie Burchill, and Mick MacNeil[8], utanom der andre er nemnde..
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Once Upon a Time» | 5:45 |
2. | «All the Things She Said» | 4:15 |
3. | «Ghost Dancing» | 4:45 |
4. | «Alive and Kicking» | 5:26 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
5. | «Oh Jungleland» | 5:14 |
6. | «I Wish You Were Here» | 4:42 |
7. | «Sanctify Yourself» | 4:57 |
8. | «Come a Long Way» | 5:07 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Once Upon a Time» | 5:45 |
2. | «All the Things She Said» | 4:15 |
3. | «Ghost Dancing» | 4:45 |
4. | «Alive and Kicking» | 5:26 |
5. | «Oh Jungleland» | 5:14 |
6. | «I Wish You Were Here» | 4:42 |
7. | «Sanctify Yourself» | 4:57 |
8. | «Come a Long Way» | 5:07 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Don't You (Forget About Me)» | Keith Forsey, Steve Schiff | 4:23 |
2. | «A Brass Band in Africa» | Charlie Burchill, Derek Forbes, Jim Kerr, Mel Gaynor, Michael MacNeil | 5:11 |
3. | «Don't You (Forget About Me)» (Extended) | Keith Forsey, Steve Schiff | 6:36 |
4. | «A Brass Band in African Chimes» | Charlie Burchill, Derek Forbes, Jim Kerr, Mel Gaynor, Michael MacNeil | 9:23 |
5. | «Alive and Kicking» (nedkorta utgåve) | 4:49 | |
6. | «Alive and Kicking» (Instrumental) | 6:11 | |
7. | «Up on the Catwalk» (Live) | Charlie Burchill, Derek Forbes, Jim Kerr, Mel Gaynor, Michael MacNeil | 5:54 |
8. | «Alive and Kicking» (7" Remix, ikkje tidlegare utgjeven) | 4:48 | |
9. | «Alive and Kicking» (12" Remix, ikkje tidlegare utgjeven) | 6:22 | |
10. | «Alive and Kicking» (Kevorkian 12" Remix, ikkje tidlegare utgjeven) | 6:38 | |
11. | «Sanctify Yourself» (nedkorta utgåve) | 3:54 | |
12. | «Sanctify Yourself» (Instrumental) | 3:59 | |
13. | «Sanctify Yourself» (alternativ nedkorta utgåve, ikkje tidlegare utgjeven) | 4:00 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Street Hassle» (Live) | Lou Reed | 7:29 |
2. | «Love Song» (Live) | Brian McGee, Charlie Burchill, Derek Forbes, Jim Kerr, Michael MacNeil | 5:43 |
3. | «Sanctify Yourself» (Extended) | 7:13 | |
4. | «Sanctify Yourself» (Dub) | 6:14 | |
5. | «All the Things She Said» (nedkorta utgåve) | 4:00 | |
6. | «Promised You a Miracle» (US Remix) | Charlie Burchill, Derek Forbes, Jim Kerr, Michael MacNeil | 6:04 |
7. | «All the Things She Said» (Extended) | 5:12 | |
8. | «Don't You (Forget About Me)» (Live) | Keith Forsey, Steve Schiff | 9:05 |
9. | «Ghost Dancing» (Special Extended 12" Remix) | 7:20 | |
10. | «Ghost Dancing» (Instrumental) | 4:52 | |
11. | «Oh Jungleland» (Special Extended 12" Remix) | 7:23 | |
12. | «Oh Jungleland» (Instrumental) | 6:05 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Ghost Dancing» | 7:22 | |
2. | «Big Sleep» | Charlie Burchill, Derek Forbes, Jim Kerr, Michael MacNeil | 4:27 |
3. | «Waterfront» | Charlie Burchill, Derek Forbes, Jim Kerr, Mel Gaynor, Michael MacNeil | 5:21 |
4. | «Promised You a Miracle» | Charlie Burchill, Derek Forbes, Jim Kerr, Michael MacNeil | 4:38 |
5. | «Someone Somewhere in Summertime» | Charlie Burchill, Derek Forbes, Jim Kerr, Michael MacNeil | 5:59 |
6. | «Oh Jungleland» | 6:35 | |
7. | «Alive and Kicking» | 6:25 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Don't You (Forget About Me)» | Keith Forsey, Steve Schiff | 6:37 |
2. | «Once Upon a Time» | 6:06 | |
3. | «Book of Brilliant Things» | Charlie Burchill, Derek Forbes, Jim Kerr, Mel Gaynor, Michael MacNeil | 4:53 |
4. | «East at Easter» | Charlie Burchill, Derek Forbes, Jim Kerr, Mel Gaynor, Michael MacNeil | 4:20 |
5. | «Sanctify Yourself» | 7:06 | |
6. | «Love Song / Sun City / Dance to the Music» | Brian McGee, Charlie Burchill, Derek Forbes, Jim Kerr, Michael MacNeil, Steve Van Zandt, Sylvester Stewart | 7:02 |
7. | «New Gold Dream (81–82–83–84)» | Charlie Burchill, Derek Forbes, Jim Kerr, Michael MacNeil | 5:29 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Once Upon a Time» (5.1 Mix) | 6:20 | |
2. | «All the Things She Said» (5.1 Mix) | 4:23 | |
3. | «Ghost Dancing» (5.1 Mix) | 4:47 | |
4. | «Alive and Kicking» (5.1 Mix) | 5:14 | |
5. | «Oh Jungleland» (5.1 Mix) | 5:26 | |
6. | «I Wish You Were Here» (5.1 Mix) | 4:48 | |
7. | «Sanctify Yourself» (5.1 Mix) | 5:01 | |
8. | «Come a Long Away» (5.1 Mix) | 5:24 | |
9. | «Don't You (Forget About Me)» (Promo Video) | Keith Forsey, Steve Schiff | 4:20 |
10. | «Alive and Kicking» (Promo Video) | 5:26 | |
11. | «Sanctify Yourself» (Promo Video) | 4:00 | |
12. | «All the Things She Said» (Promo Video) | 4:16 | |
13. | «Ghost Dancing» (Promo Video) | 4:50 |
- Merknad
- 'Luskusutgåva' av Once Upon a Time består av plate 1 og plate 2.
- 'Superluksusutgåva' inneheld alle dei seks platene.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Simple Minds
- Jim Kerr – vokal
- Charlie Burchill – gitar
- Michael MacNeil – synthesizer og piano
- Mel Gaynor – trommer og korvokal
- John Giblin – bass
- Robin Clark – korvokal
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Vekeslister
[endre | endre wikiteksten]År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1985 | UK Albums Chart | 1 |
US Billboard 200 | 10 | |
Australia (Kent Music Report)[9] | 7 | |
Den kanadiske albumlista | 3 | |
Den italienske albumlista | 2 |
Singlar
[endre | endre wikiteksten]År | Singel | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1985 | «Alive and Kicking» | UK Singles Chart | 7 |
US Billboard Hot 100 | 3 | ||
US Billboard Mainstream Rock Tracks | 2 | ||
1986 | «Sanctify Yourself» | UK Singles Chart | 10 |
US Billboard Hot 100 | 14 | ||
US Mainstream Rock Tracks | 3 | ||
«All the Things She Said» | UK Singles Chart | 9 | |
US Billboard Hot 100 | 28 | ||
US Mainstream Rock Tracks | 9 | ||
«Ghost Dancing» | UK Singles Chart | 13 |
Salstrofé
[endre | endre wikiteksten]Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Belgia (BEA)[10] | Platina | 75,000* |
Canada (Music Canada)[11] | 2× Platina | 200 000^ |
Frankrike (SNEP)[12] | Gull | 100 000* |
Tyskland (BVMI)[13] | 2× Gull | 500 000^ |
Hellas (IFPI Hellas)[14] | Gull | 50,000^ |
Nederland (NVPI)[15] | Platina | 100 000^ |
New Zealand (RMNZ)[16] | Platina | 15 000^ |
Spania(PROMUSICAE)[17] | Gull | 50 000^ |
Storbritannia (BPI)[18] | 3× Platina | 900 000^ |
USA (RIAA)[19] | Gull | 500 000^ |
*salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Once Upon a Time (Simple Minds album)» frå Wikipedia på engelsk, den 10. september 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Wilson, MacKenzie. «Once Upon a Time – Simple Minds». AllMusic. Henta 10. september 2020.
- ↑ Larkin, Colin (2011). The Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). Omnibus Press. ISBN 0-85712-595-8.
- ↑ Strong, Martin C. (2006). The Essential Rock Discography (1st utg.). Edinburgh: Canongate Books. s. 970. ISBN 1-84195-985-5.
- ↑ Price, Simon (Desember 2015). «Simple Minds: The Vinyl Collection / Once Upon a Time». Q (353): 118.
- ↑ Elliott, Mark (January 2016). «Simple Minds – Once Upon A Time». Record Collector (449). Henta 11. februar 2018.
- ↑ DeCurtis, Anthony; Henke, James; George-Warren, Holly, red. (1992). «Simple Minds». The Rolling Stone Album Guide (3rd utg.). Random House. ISBN 0-679-73729-4.
- ↑ Christgau, Robert (1. april 1986). «Christgau's Consumer Guide». The Village Voice. Henta 11. februar 2018.
- ↑ ASCAP database search.
- ↑ Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ «European Gold & Platinum Awards 1986» (PDF). Music & Media. 27. desember 1986. s. 33. Henta 6. september 2020.
- ↑ «Canadian album salstrofé – Simple Minds – Once Upon a Time». Music Canada. Henta 6. september 2020.
- ↑ «Les Certifications depuis 1973: Albums». Infodisc.fr. Henta 6. september 2020. (select «Simple Minds» from drop-down list)
- ↑ «Gold-/Platin-Datebank (Simple Minds; 'Once Upon A Time')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie.
- ↑ «Gold & Platinum Awards 1987» (PDF). Music & Media. 26. desember 1987. s. 44. Henta 6. september 2020.
- ↑ «Dutch album salstrofé – Simple Minds – Once Upon a Time» (på nederlandsk). Nederlandse Vereniging van Producenten en Importeurs van beeld- en geluidsdragers. Henta 6. september 2020.
- ↑ «New Zealand album salstrofé – Simple Minds – Once Upon a Time». Recording Industry Association of New Zealand. Henta 9. september 2020.
- ↑ «Sólo Éxitos 1959–2002 Año A Año: Certificados 1979–1990» (på spansk). Iberautor Promociones Culturales. ISBN 8480486392.
- ↑ «British album salstrofé – Simple Minds – Once Upon a Time». British Phonographic Industry. Henta 6. september 2020. Enter Once Upon a Time in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
- ↑ «American album salstrofé – Simple Minds – Once Upon a Time». Recording Industry Association of America. Henta 6. september 2020. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH