Ole Østmo
Ole Østmo | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 13. september 1866 Elverum kommune |
Død | 11. september 1923 (56 år) Christiania |
Idrett | skytesport |
Tok del i | shooting at the 1900 Summer Olympics – men's 300 metre free rifle, prone, shooting at the 1900 Summer Olympics – men's 300 metre free rifle, standing, shooting at the 1900 Summer Olympics – men's 300 metre free rifle, three positions, shooting at the 1900 Summer Olympics – men's 300 metre free rifle, team |
Ole Østmo (13. september 1866–11. september 1923) var ein norsk skyttar og industrigrunnleggjar frå Elverum som var aktiv på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet.
Skyttarkarriere
[endre | endre wikiteksten]Ole Østmo deltok i skyting under Sommar-OL i Paris i 1900 og tok fire olympiske medaljar. Han vann sølv i armégevær, ståande og lagskyting armégevær. I tillegg tok han bronsemedalje i sammanlagt, armégevær (ståande, kneståande og liggande summert) og liggande, armégevær.
Lagmedaljen i armégevær var den første lagmedaljen til Noreg i OL. Forutan Østmo, deltok Olaf Frydenlund, Hellmer Hermandsen, Ole Sæther og Tom Seeberg på det norske laget.
Østmo tok òg fleire medaljar i det første VM i skyting i Lyon i 1897; han tok gull i ståande, og sølv i samanlagtøvinga. Det norske laget vann sølv i lagskytinga.
Industri
[endre | endre wikiteksten]På slutten av 1880-talet starta Ole Østmo Kverndals Brug og Kverndalens Snedkeri og Mekaniske Verksted saman med broren Christian. Christian var mekanikar og oppfinnar, Ole hadde størst interesse for elektro og telefonar. Dei fekk oppretta eige postopneri med eige poststempel: “Kverndalen” (seinare “Jømna”). På slutten av 1890-talet flytte Ole elektronikkbedrifta til Kristiania. Agentur for LM Ericsson i Sverige var viktig for bedrifta.
OL-medaljar
[endre | endre wikiteksten]- 1900 Paris - Sølv i skyting, 300 m armégevær ståande
- 1900 Paris - Sølv i skyting, 300 m armégevær, 3 stillingar, lagskyting
- 1900 Paris - Bronse i skyting, 300 m armégevær liggande
- 1900 Paris - Bronse i skyting, 300 m armégevær, 3 stillingar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Svein-Erik Tosterud (2021). «Norges Skytterforbund 75 år 1946-2021» (PDF). Jubileumsskriv (Norges Skytterforbund): 14.
- VCOM «KOMMUNIKASJON FOR I DAG OG I MORGEN»