Olav Versto den eldre
Olav Versto den eldre | |
Olav Versto frå eit av Stortinget sine skirenn | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 22. juni 1892 Rauland kommune |
Død | |
Yrke | politikar |
Språk | norsk |
Politisk parti | Arbeidarpartiet |
Olav Versto den eldre på Commons |
Olav Versto (22. juni 1892–13. juni 1977) var ein småbrukar og politikar frå Rauland i Telemark, stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå 1928 til 1961. Han var far til Aslak Versto og bestefar til journalistane Olav Versto og Astrid Versto.
Versto var fødd på ein gard i Rauland. 18 å gammal var han med og skipa Vinje arbeidarlag. Frå 1919 til -31 var han medlem av Vinje formannskap, og på ny frå 1947 til -55. Mellom 1931 og 1937 var han varaordførar. Gjennom desse åra hadde ha mange tillitsyrke, mellom anna styreformann i Skafså kraftverk.
Ved stortingsvalet hausten 1927 vart Versto vald inn på Stortinget frå Telemark. Etter å ha vorte attvald sju gongar, forlet han Stortinget i 1961. I utanriks- pg forsvarspolitiske spørsmål sokna han til venstrefløya i Arbeidarpartiet, kritiserte ofte politikken til NATO.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Norsk Allkunnebok. X. bandet. 1966
- Einskildmenn
- Fødde i 1892
- Døde i 1977
- Stortingsrepresentantar 1928-1930
- Stortingsrepresentantar 1931-1933
- Stortingsrepresentantar 1934-1936
- Stortingsrepresentantar 1937-1945
- Stortingsrepresentantar 1945-1949
- Stortingsrepresentantar 1950-1953
- Stortingsrepresentantar 1954-1957
- Stortingsrepresentantar 1958-1961
- Folk frå Vinje