Norges Friidrettsforbund
Utsjånad
Norges Friidrettsforbund | |||
| |||
Type | forening/lag/innretning | ||
---|---|---|---|
Org.nummer | 869990612 | ||
Skipa | 1. mai 1896 | ||
Hovudkontor | Oslo | ||
Leiar | Anne Kristin Farseth | ||
Tenester | Friidrett | ||
Medlemmer | 80 845 | ||
Nettstad | https://www.friidrett.no/ |
Norges Friidrettsforbund (NFIF) er ein norsk idrettsorganisajon for friidrett. Han blei stifta den 1. mai 1896, under namnet Norsk Idrætsforbund. Wilhelm Baastad var den fyrste presidenten i forbundet.
NFIF er medlem av Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF), Det europeiske friidrettsforbundet (EAA) og Det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF). NFIF leier all organisert friidrett i Noreg og legg til rette for både breiddeidrett og toppidrett. Friidrettsforbundet består av 19 friidrettskrinsar, nær 750 medlemsklubbar og ca 55.000 medlemmer (per 2006). Forbundet er knytt til tidsskriftet Friidrett.
Presidenten i NFIF er Anne Farseth[1] og generalsekretær er Kjetil Hildeskor.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Styret i Norges Friidrettsforbund 2021-2023», www.friidrett.no, henta 13. juli 2021
- ↑ «Sentraladministrasjonen i NFIF», www.friidrett.no, henta 13. juli 2021
- Denne artikkelen bygger på «Norges Friidrettsforbund» frå Wikipedia på bokmål, den 2. september 2012.