Noregs KFUK-KFUM
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Noregs KFUK-KFUM | |||
| |||
Type | forening/lag/innretning | ||
---|---|---|---|
Org.nummer | 957914330 | ||
Skipa | 1880 | ||
Hovudkontor | Oslo | ||
Leiar | Peter Waage | ||
Medlemmer | 17 000 | ||
Nettstad | https://kfuk-kfum.no |
Noregs KFUK-KFUM er ein kristen barne- og ungdomsorganisasjon med 17 000 medlemmer fordelt på over 650 forskjellige grupper over heile landet. Organisasjonen har over 5 000 barnemedlemmer, over 7 000 ungdomsmedlemmer og nærare 5 000 unge vaksne og vaksne medlemmer.
KFUK står for Kristelig Forening for Unge Kvinner og KFUM står for Kristelig Forening for Unge Menn. Den likesida trekanten i logoen symboliserer ånd, sjel og kropp, og tyder at KFUK-KFUM tar heile mennesket på alvor.
Noregs KFUK-KFUM utgjer saman med Noregs KFUK-KFUM-speidarar KFUK-KFUM-rørsla i Noreg, som har vel 30 000 medlemmer. Dei to organisasjonane har felles ideologi, men kvart sitt landsstyre og kvar sin generalsekretær.
KFUK-KFUM Global driv KFUK-KFUM-rørsla i Noreg sitt internasjonale arbeid. Noregs KFUK-KFUM er knytt til to store internasjonale organisasjonar, YMCA (Young Mens Christian Association) og YWCA (Young Womens Christian Association). Organisasjonane finst i over 120 land og har 50 millionar medlemmer. Trekantlogoen vert nytta overalt. I Noreg er KFUK og KFUM éin organisasjon, men på verdsbasis er det delt inn i to organisasjonar: YMCA og YWCA.
Noregs KFUK-KFUM vart stifta i 1880 under namnet De Norske Ynglingeforeningers Fællesforbund. Namnet vart endra til Norges Kristelige Ungdomsforbund i 1898, og til Noregs KFUK-KFUM i 198].
Den første Ynglingeforeninga i Noreg (for menn) vart stifta i 1868, medan den første KFUK-foreninga kom i 1887. Fellesforbundet opna for medlemskap for KFUK-foreningar i 1892.