[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

No Jacket Required

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
No Jacket Required
Studioalbum av Phil Collins
Språk engelsk
Utgjeve 18. februar 1985[1]
Innspelt Mai til desember 1984
Studio The Townhouse i London og Old Croft i Surrey
Sjanger
Lengd
  • 50:27 (CD)
  • 46:12 (vinyl)
Selskap
Produsent
Phil Collins-kronologi 
Hello, I Must Be Going!
(1982)
No Jacket Required 12"ers
(1987)


Singlar frå No Jacket Required
  1. «One More Night»
    Utgjeve: 30. november 1984
  2. «Sussudio»
    Utgjeve: 14. januar 1985
  3. «Don't Lose My Number»
    Utgjeve: 30. mai 1985
  4. «Take Me Home»
    Utgjeve: 25. juli 1985
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 stars[2]
Encyclopedia of Popular Music3/5 stars[3]
The Press4/5 stars[4]
Record Collector4/5 stars[5]
The Rolling Stone Album Guide3.5/5 stars[6]
The Village VoiceC[7]

No Jacket Required er det tredje soloalbumet til den engelske musikaren Phil Collins. Det kom ut 25. januar 1985. Albumet er kalla opp etter ei hending i The Pump Room i Chicago, der Collins vart nekta adgang på grunn av kleda sine. Med på No Jacket Required er fleire gjestevokalistar som Helen Terry, Peter Gabriel og Sting. Somme av songane, som «Don't Lose My Number» og «Sussudio», var baserte på improvisasjon. Andre songar, som «Long Long Way to Go», hadde ei politisk melding. «One More Night», «Sussudio», «Don't Lose My Number» og «Take Me Home» vart gjevne ut som singlar og det vart laga musikkvideo til alle. Alle fire singlane gjekk inn på Topp 10 på singellista Billboard Hot 100 og både «Sussudio» og «One More Night» gjekk heilt til topps. Dei tre singlane som vart gjevne ut i Storbritannia nådde alle Topp 20 på singellista.

Albumet fekk stort sett gode meldingar og fekk ein Grammy Award for årets album i 1985. Stephen Holden frå The New York Times sa at Collins «på stille vis revolusjonerte og utvida rolla til trommene i popmusikken». Rolling Stone-journalist David Fricke sa «Som med platene frå '81 og '82, Face Value og Hello, I Must Be Going!, er ikkje No Jacket Required eit album som ligg å ventar på å bli likt». No Jacket Required vart det mestseljande albumet til Collins og gjekk til topps på salslistene i fleire land, mellom anna USA (der det låg på toppen i sju veker), Storbritannia og Canada. Albumet selde til diamantplate i USA og selde over to millionar eksemplar i Storbritannia med 6× platina. Verda over har det seld over 20 millionar eksemplar.

Mange av songane, inkludert «Take Me Home» og «Long Long Way to Go», har vorte nytta i episodar av Miami Vice og Cold Case, og «The Man with the Horn» vart skriven om og spelt inn att for episoden «Phil the Shill». «We Said Hello Goodbye» vart spelt inn på ny for filmen Playing for Keeps.

Etter at albumet kom ut la Collins ut på ein suksessrik verdsturné. Mot slutten av turneen fekk Collins mykje ros for framføringa si både i London og Philadelphia under Live Aid den 13. juli 1985. Under turneen spelte Collins inn ein song med Marilyn Martin for filmen White Nights, kalla «Separate Lives», som gjekk til topps i USA. Remiksar av seks av songane på albumet vart sidan gjeve ut på samlinga 12"ers.

Ved Grammy Award i 1985 var Collins nominert til fem prisar.[8] Han vann prisen får årets album og beste mannlege vokalist.[9] I tillegg delte Collins årets produsent med Hugh Padgham.[10]

Alle songar er skrivne av Phil Collins, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Sussudio» 4:23
2.«Only You Know and I Know»Collins (tekst); Collins, Daryl Stuermer (musikk)4:20
3.«Long Long Way to Go» 4:20
4.«I Don't Wanna Know»Collins (tekst); Collins, Stuermer (musikk)4:12
5.«One More Night» 4:51
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Don't Lose My Number» 4:46
7.«Who Said I Would» 4:01
8.«Doesn't Anybody Stay Together Anymore»Collins (tekst); Collins, Stuermer (musikk)4:18
9.«Inside Out» 5:14
10.«Take Me Home» 5:51
Total lengd:46:12
Bonusspor på CD-utgåva
Nr.TittelLengd
11.«We Said Hello Goodbye»4:15
Bonusplata Extra Large Jacket Required (luksusutgåva frå 2016)
Nr.TittelLengd
1.«Sussudio» (live 1990)7:18
2.«Don't Lose My Number» (live 1997)5:00
3.«Who Said I Would» (live 1985)4:32
4.«Long Long Way to Go» (live 1997)3:56
5.«Only You Know and I Know» (live 1994)4:52
6.«Easy Lover» (live 1997)5:03
7.«Inside Out» (live 1990)5:31
8.«Doesn't Anybody Stay Together Anymore» (live 1990)5:56
9.«One More Night» (live 1990)5:54
10.«Take Me Home» (live 1990)8:54
11.«Only You Know and I Know» (demo)3:43
12.«One More Night» (demo)4:41
13.«Take Me Home» (demo)5:22

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]
Musikarar[11]
År Lister
UK

[12]

US

[13]

CAN

[14][13]

AUS

[15][16]

NZ

[17]

GER

[18]

AUT

[19]

NOR

[20]

SWE

[21]

SWI

[22]

1985 1 1 1 1 1 1 11 1 1 1
«—» tyder at albumet ikkje gjekk inn på lista.
År Tittel Lister
UK

[12]

US

[23]

US A.C.

[23]

US Rock

[23]

CAN

[13][14]

AUS

[15][16]

NZ

[17]

GER

[24]

NL Top 100

[25]

NL Top 40

[26]

AUT

[19]

FRA

[27]

IRE

[28]

NOR

[20]

SWE

[21]

SWI

[22]

1984 «One More Night» 4 1 1 4 1 2 5 10 8 15 6 24 4 6
1985 «Sussudio» 12 1 30 10 10 8 27 17 12 3 14 6 13 9
«Don't Lose My Number» 4 25 33 11 10 22 44
«Inside Out» 9
«Take Me Home» 19 7 2 12 23 64 13
«—» syner til at singelen ikkje gjekk inn på lista.

Salstrofé

[endre | endre wikiteksten]
Region Salstrofé Salstal
Argentina (CAPIF)[29] 3× Platina 180 000x
Australia (ARIA)[30] 4× Platina 280 000^
Austerrike (IFPI Austerrike)[31] Platina 50 000x
Canada (Music Canada)[32] Diamant 1 000 000^
Finland (Musiikkituottajat)[33] Gull 34,203
Frankrike (SNEP)[34] 2× Platina 600 000*
Tyskland (BVMI)[35] 3× Platina 1 500 000^
Hong Kong (IFPI Hong Kong)[36] Platina 15,000*
Japan (RIAJ)[37] Platina 200 000^
Nederland (NVPI)[38] Platina 100 000^
New Zealand (RMNZ)[39] Platina 15 000^
Spania(PROMUSICAE)[40] Platina 100 000^
Sveits(IFPI Switzerland)[41] 2× Platina 100 000x
Storbritannia (BPI)[42] 6× Platina 1 800 000^
USA (RIAA)[43] 12× Platina 12 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

  1. «BPI > Certified Awards > Search results for Phil Collins (page 2)». British Phonographic Industry. Henta 21. mars 2020. 
  2. Sendra, Tim. «No Jacket Required – Phil Collins». AllMusic. Henta 21. mars 2020. 
  3. Larkin, Colin (2011). The Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). Omnibus Press. ISBN 978-0-85712-595-8. 
  4. Sime, Ian (13. mai 2016). «CD review: Phil Collins, No Jacket Required; Testify, deluxe reissues (Atlantic)». The Press. Henta 21. mars 2020. 
  5. Elliott, Mark (July 2016). «Phil Collins – No Jacket Required, Testify». Record Collector (455). Henta 21. mars 2020. 
  6. Considine, J. D. (2004). «Phil Collins». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 181–82. ISBN 0-7432-0169-8. 
  7. Christgau, Robert (30. april 1985). «Christgau's Consumer Guide». The Village Voice. Henta 21. mars 2020. 
  8. Robins, Wayne (10 januar 1986 (1986-01-10)). «Knopfler Nominated for 8 Grammys». Newsday. 
  9. «allmusic ((( No Jacket Required > Charts & Awards > GRAMMY Awards )))». Allmusic. Henta 19 september 2008 (2008-09-19). 
  10. Robins, Wayne (26 februar 1986 (1986-02-26)). «'We Are the World' Is Song of the Year». Newsday. 
  11. «Phil Collins – No Jacket Required tracks and credit». Philcollins.co.uk. Arkivert frå originalen 3. juli 2008. Henta 19 September 2008. 
  12. 12,0 12,1 «UK Charts > Phil Collins». Official Charts Company. Henta 6. februar 2013. 
  13. 13,0 13,1 13,2 «Phil Collins > Charts & Awards > Billboard Albums». Allmusic. Macrovision. Henta 6. februar 2013. 
  14. 14,0 14,1 «RPM Magazine Archives > Top Albums > Phil Collins». RPM. Henta 5 April 2010. 
  15. 15,0 15,1 «Australian Charts > Phil Collins». australian-charts.com Hung Medien. Henta 6. februar 2013. 
  16. 16,0 16,1 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. Australian Chart Book, St Ives, N.S.W. ISBN 0-646-11917-6. 
  17. 17,0 17,1 «charts.org.nz – Discography Phil Collins». charts.org.nz Hung Medien. Arkivert frå originalen 24. oktober 2012. Henta 6. februar 2013. 
  18. «Chartverfolgung / Collins, Phil / Longplay». musicline.de PhonoNet. Arkivert frå originalen 9. oktober 2012. Henta 1 September 2009. 
  19. 19,0 19,1 «Austrian Charts > Phil Collins». austriancharts.at Hung Medien. Henta 6. februar 2013. 
  20. 20,0 20,1 «Norwegian Charts > Phil Collins». norwegiancharts.com Hung Medien. Henta 1 September 2009. 
  21. 21,0 21,1 «Swedish Charts > Phil Collins». swedishcharts.com Hung Medien. Henta 6. februar 2013. 
  22. 22,0 22,1 «Swiss Charts > Phil Collins». swisscharts.com Hung Medien. Henta 6. februar 2013. 
  23. 23,0 23,1 23,2 «Phil Collins > Awards > AllMusic». AllMusic. Macrovision. Henta 12. august 2010. 
  24. «Chartvefolgung / Collins, Phil / Single». musicline.de PhonoNet. Arkivert frå originalen 9. oktober 2012. Henta 2 September 2009. 
  25. «Dutch Charts > Phil Collins». dutchcharts.nl Hung Medien. Henta 6. februar 2013. 
  26. «Nederland > Phil Collins» (på nederlandsk). Stichting Nederlandse Top 40. Henta 29. april 2010. 
  27. «Les Charts > Phil Collins». lescharts.com Hung Medien. Henta 6. februar 2013. 
  28. «Irish Charts > Phil Collins». irishcharts.ie. Henta 1 September 2009. 
  29. «Discos de oro y platino» (på spansk). Cámara Argentina de Productores de Fonogramas y Videogramas. Arkivert frå originalen 6. juli 2011. Henta 16. september 2012. 
  30. «ARIA Charts – Accreditations – 1986 Albums». Australian Recording Industry Association. 
  31. «Austrian album salstrofé – Phil Collins – No Jacket Required» (på tysk). IFPI Austerrike. Henta 21. mars 2020.  Enter Phil Collins in the field Interpret. Enter No Jacket Required in the field Titel. Select album in the field Format. Click Suchen
  32. «Canadian album salstrofé – Phil Collins – No Jacket Required». Music Canada. Henta 21. mars 2020. 
  33. The first web page presents the sales figures, the second presents the certification limits:
  34. «French album salstrofé – Phil Collins – No Jacket Required» (på fransk). InfoDisc. Henta 21. mars 2020.  Select PHIL COLLINS and click OK
  35. «Gold-/Platin-Datenbank (Phil Collins; 'No Jacket Required')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. Henta 21. mars 2020. 
  36. «IFPIHK Gold Disc Award − 1989». IFPI Hong Kong. Henta 21. mars 2020. 
  37. «Japanese album salstrofé – Phil Collins – No Jacket Required» (på japansk). Recording Industry Association of Japan. Henta 21. mars 2020. 
  38. «Dutch album salstrofé – Phil Collins – No Jacket Required» (på nederlandsk). Nederlandse Vereniging van Producenten en Importeurs van beeld- en geluidsdragers. Henta 21. mars 2020. 
  39. «New Zealand album salstrofé – Phil Collins – No Jacket Required». Recording Industry Association of New Zealand. Henta 21. mars 2020. 
  40. «Spanish album salstrofé – Phil Collins – No Jacket Required» (PDF) (på spansk). Productores de Música de España. Henta 21. mars 2020. 
  41. «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (Phil Collins; 'No Jacket Required')». Hung Medien. Henta 21. mars 2020. 
  42. «British album salstrofé – Phil Collins – No Jacket Required». British Phonographic Industry. Henta 21. mars 2020.  Enter No Jacket Required in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  43. «American album salstrofé – Phil Collins – No Jacket Required». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH


Føregangar
Centerfield
John Fogerty
Toppen av VG-lista
Phil Collins

4 veker, Veke 13–16, 1985
Etterfylgjar
We are the World
USA for Africa