Nittedal kommune
Nittedal kommune | |||
kommune | |||
Nittedal sentrum
| |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Akershus | ||
Adm.senter | Rotnes | ||
Areal | 186,23 km² | ||
• land | 180,29 km² | ||
• vatn | 5,94 km² | ||
Folketal | 25 882 (1. januar 2024) | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Rune Winum (H) | ||
Kommunenr. | 3232 | ||
Nittedal kommune 60°04′23″N 10°52′20″E / 60.073055555556°N 10.872222222222°E | |||
Kart som viser Nittedal kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Nittedal | |||
Nettstad: www.nittedal.kommune.no |
Nittedal er ein kommune i Akershus fylke. Kommunen grensar i nord til Lunner og til Nannestad, i aust til Gjerdrum, i søraust til Lillestrøm og i sør og vest til Oslo.
Nittedal kommune har ikkje éin stor tettstad som mange andre kommunar, men mange mindre. Hagan er den største av desse tettstadene og ligg i sør like ved bygrensa til Oslo. Rotnes ligg i midtre del av kommunen. I nordlege delar av kommunen, som òg blir kalla Hakadal, er Åneby den største av fleire små tettstader.
Namn
[endre | endre wikiteksten]Namnet «Nittedal» kjem av norrønt Nitjudalr. Etterleddet dalr tyder 'dal', medan forleddet Nitju er genitiv singularis av Nitja, som er det gamle namnet på Nittelva. Det er uvisst kva Nitja tyder. Moderne skriftbasert uttale er [²nitedɑːɽ] eller [²nitedɑːɳ], men tradisjonell uttale er [²nedɑɳ].
Geologi
[endre | endre wikiteksten]Nittedal høyrer til Oslofeltet. Spesielt kjent er Nittedalskalderaen, som er restane etter vulkansk aktivitet i permtida.[1]
Kjende nittedølar
[endre | endre wikiteksten]- Bente Skari, skiløpar med VM- og OL-gull.
- Alf Prøysen, visesongar og kunstnar som vart nittedøl i 1948[2]
- Jarle Bernhoft, vokalist og gitarist, frontfigur for rockegruppa Span
- Borghild Rud (1910–1999), kunstnar og illustratør
- Søstrene Bjørklund, fire populærartistar i 1950-åra
- Harald Sohlberg (1869–1935), kunstmålar
- Tommy Rustad, rallyførar som har vunne internasjonale billøp
- Odd Martinsen, skiløpar med gullmedaljar frå VM og OL, far til Bente Skari
- Hanne Staff, orienteringsløpar som vann VM
- Lena Boysen, har vunne 14 VM, 13 EM og 20 NM i hundekjøring
- Marianne Pettersen, landslagsspelar i fotball med gull i VM 1995, bronse i OL 1996 og gull i OL 2000
- Terje Thorslund, spydkastar med bronse i EM 1974
- Solveig Kristansen Aaseby, europa- og verdsmeister i einspann hundekjøring 1990
- Terje Pedersen, tidlegare verdsmeister i spydkast (1964)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Bjørn T. Larsen, Snorre Olaussen, Bjørn Sundvoll og Michel Heerman: «Vulkaner, forkastninger og ørkenklima. Osloriften og Nordsjøen i karbon og perm, 359–251 millioner år», i Ivar Ramberg et al. (red.): Landet blir til. Norges geologi. Norsk Geologisk Forening 2007.
- ↑ Alf Prøysen. nittedalsporten.no. Vitja 12. april 2020
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Nittedal kommune (Offisiell nettstad)
- Nittedalsporten Arkivert 2006-07-12 ved Wayback Machine.