[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Nils Larsen (1900–1976)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nils Larsen (1900–1976)

Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. juni 1900
Sandar kommune
Død

29. september 1976 (76 år)
Sandefjord

Yrke oppdagar, kvalfangar

Nils Larsen (fødd 19. juni 1900 i Sandar (no Sandefjord), død 29. september 1976 i Sandefjord) var ein norsk kaptein og kvalfangar.

Nils Larsen var førstestyrmann på Den første Norvegia-ekspedisjonen som annekterte Bouvetøya for Noreg 1. desember 1927 og Den andre Norvegia-ekspedisjonen som annekterte Peter I Øy 2. februar 1929. Nils Larsen var òg kaptein på Den tredje og Den fjerde Norvegia-ekspedisjonen. Den fjerde Norvegia-ekspedisjonen gjorde ei omsegling av heile Antarktika, kor blant anna kartleggingsarbeidet førte til at Prinsesse Ragnhild Kyst vart oppdaga.

Nils Larsen var første førstestyrmannen på den tredje Thorshavn-ekspedisjonen i Antarktis 1933-34 og kaptein på norske kvalkokeri i Sørishavet. I 1946–47 førte han «Brategg» på Brategg-ekspedisjonen til stillehavssektoren av Antarktis.

Han var gift med Aslaug Marie Larsen (f. 1911, d. 2005).

Utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]

Larsen mottok Kongens fortenestmedalje i gull i 1931 for innsatsen sin på Norvegia-ekspedisjonane.

Nils Larsenfjellet i Dronning Maud Land, Mount Nils i Enderby Land og Nils Larsenbreen på Peter I Øy er kalla opp etter han.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]