[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Namsos Glassverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Namsos glassverk var eit foretak som blei oppretta i 1855. Det blei etablert av Ole Gunnerius Olsen og låg på Tiendeholmen ved Namsos i Nord-Trøndelag. På det meste arbeidde det 80 personar ved glasverket. Verket var i drift til 1867 då eigaren gjekk personleg konkurs.[1]

Ole Gunerius Olsen, Anders Havig, Mathias Sellæg og Johannes Sommerschield stod for drifta. Sjølve verket låg i Saltbustøa ned mot fjorden og hadde på 1860-talet seks omnar. I 1858 blåste glashytta ned, men drifta heldt likevel fram. Det var om lag 30 personar i arbeid på 1860-talet. Ved konkursen til Ole Gunnerius Olsen i 1867 var det berre drift i seks månader i løpet av eit år. Det vart gjort forsøk på å reise ny kapital for vidare drift, men det let seg ikkje gjere.[2]

Verket produserte vindaugsglas, glaskavl, flasker og medisinglas.

Ein kjenner lønsvilkåra for dei tilsette gjennom ein artikkel i avisa Namdalen i 1922 av ingeniør Schmidt-Nielsen:

Glassverkets bygninger kostet i 1865 60.848 kroner. Verkets bygninger var assurert for 35.320 kroner. Gjælden var på 57.000 kroner. Ved næste års utgang viste opgjøret en status med overskudd av 12.000 kr. Driften var nu indskrænket til bare 6 måneder av året, men der arbeidedes trangt med for liten ledig kapital. man forsøkte i 1867 at danne et nyt selskap, eller at få sælge verket for 20.000 kroner, således at det nye selskap skulde overta aktiva og passiva. Men det lyktes ikke at skape en ny bedrift med større kapital.

Omkring 1867-68 måtte glassverkets affærer avvikles, og alt ble da solgt til realisasjon. Av den indbydelse som forelå til rekonstrueringen av selskapet, skal noteres fra det opstillede driftsbudsjet: løn for en diglemaker 48 kr. pr. md. Smeltere samme løn. Fyrbøtere med 32 kr, smed med 40 kr og alm. dagarbeidere med 32 kr. pr. md. Om hvorfor glassverket har hentet sine råmaterialer er intet meddelt. Sandsynligvis er det således der ved dette verk bl.a. var benyttet tangaske.

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • Nord-Trøndelags historielags årbøker
    • Namsos Glasværk. Sjå By 1947:43

Referansar

[endre | endre wikiteksten]