[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Mykines

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Færøysk frimerke som viser Mykines ovanfrå.

Mykines, dansk Myggenæs, er ei øy som høyrer til Færøyane. Mykines er den vestlegaste av øyane som utgjer øygruppa Færøyane. Øya er kjend som eit fugleparadis.

Øya er 10,3 kvadratkilometer i flatevidd og har 11 fastbuande ibuarar (2004). På øya er det om lag 1200 sauer.

På Mykines finst det berre ei bygd, «Mykines bygd». Fram til slutten av 2004 danna øya ein eigen kommune. Ved årsskiftet vart øya slegen saman med Sørvágur kommune. Fyrst på 1900-talet var Mykines ein av dei største kommunane på Færøyane. På grunn av at øya ligg isolert til har fråflyttinga gradvis auka, slik at det nå berre er eit dusin fastbuande att.

Mykines på færøyske frimerke frå 1978

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Mykines