[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Myjavaelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Myjava
elv
Land  Tsjekkia,  Slovakia
Nedslagsfelt 806 km²
Lengd 79 km
Middelvassføring 2,64 /s
Kjelde Dei kvite Karpatane
 •  høgd 660 moh.
Munning Morava ved Kúty
 •  høgd 152 moh.
Kart
Myjavaelva
48°50′48″N 17°36′33″E / 48.846773°N 17.609186°E / 48.846773; 17.609186
Wikimedia Commons: Myjava River

Myjava er ei elv vest i Slovakia og aust i Tsjekkia, og ei av sideelvane til Morava frå venstre.

Ho spring ut i Dei kvite Karpatane nær landsbyen Nová Lhota i Mähren, men kryssar kort tid etter grensa til Slovakia, der ho renn sørover og gjennom byen Myjava. Her går ho inn i Myjavaåsane og vender austover. Nær Sobotište renn ho ut på Záhorielåglandet og snur sørover igjen fram til landsbyen Jablonica, der ho svingar nordvestover. Frå Senica går vestover, gjennom Šaštín-Stráže før ho til slutt munnar ut i Morava nær Kúty.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Slovakia å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.