[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

My Coo Ca Choo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
My Coo Ca Choo
Singel av Alvin Stardust
frå albumet The Untouchable
B-side

Pull Together

Utgjeve 1973
Sjanger Glamrock
Lengd 2:47
Selskap Magnet Records
Låtskrivar(ar) Peter Shelley
Produsent Peter Shelley
Alvin Stardust-kronologi 
My Coo Ca Choo «Jealous Mind»
(1974)


«My Coo Ca Choo» er debutsingelen til den engelske glamrockartisten Alvin Stardust. Singelen nådde andreplassen på UK Singles Chart i desember 1973.[1] Glmarocksingelen gjorde det betre i Australia, der han låg sju veker på toppen av singellista og vart den bestseljande singelen i landet i 1974.[2]

Songen vart skriven, sungen og spelt inn av Peter Shelley, under glamrocknamnet Alvin Stardust. Sjølv om han alt hadde dukka opp som Alvin Stardust på TV-programmet Lift Off, vart Shelley overraska over at singelen gjekk rett inn på lista veka etter. Sidan Shelley ikkje hadde noko ønske om å bli artisten han hadde som scenenamn, tenkte han at singelen skulle bli ein one-hit wonder. Den ideelle personen dukka opp, Bernard William Jewry, som på den tida spelte under artistnamnet Shane Fenton. Den nye «Stardust» spelte så på BBC Television-programmet Top of the Pops akkurat då singelen hadde gått inn på britisk topp 30, før singelen klatra til andreplassen.[3] Shelley følgde så opp med ei rekkje hittar for Stardust, inkludert «Jealous Mind», som gjekk til topps på singellista i Storbritannia i mars 1974.[4]

Salslister

[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1973/4) Plassering
Australia (Kent Music Report)[5] 1
Storbritannia (Official Charts Company) 2

Årslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1974) Plassering
Australia (Kent Music Report)[6] 1
  1. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 524. ISBN 1-904994-10-5. 
  2. Australian Chart Book (1970-1992) - David Kent : pp380,426
  3. Sweeting, Adam (23. oktober 2014). «Alvin Stardust obituary». The Guardian. 
  4. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 298. ISBN 1-904994-10-5. 
  5. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 291. ISBN 0-646-11917-6. 
  6. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 426. ISBN 0-646-11917-6.