Mitokondrium
Mitokondrium eller mitokondrie (frå gresk mitos, 'tråd' og chondrion, 'gryn', gjennom tysk)[1] er organellen som syter for energien i dei aller fleste eukaryote sellene. Bakteriar og arkar (prokaryotar) har ikkje mitokondrium, og nokre tusen kjende einsella eukaryotar («arkezoar») har heller ikkje mitokondrium i vanleg form; i hovudsak parasittar (til dømes Giardia). Ein eukaryot organisme i Monocercomonoides saknar mitokondrium i det heile.[2]
Ein av dei mest aksepterte teoriane for opphavet til mitokondria er at dei kjem frå ei hending der ein bakteria hamna inni ein annan einsella organisme (gjerne ein arke) og at dei byrja leva i eit gagnande samliv. Denne bakterien utvikla seg etter kvart til mitokondrium slik ein kjenner dei i dag.
Mitokondrium har eige DNA, noko som stør hypotesen om at dei ein gong var bakteriar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- The Unique Merger That Made You (and Ewe, and Yew) Arkivert 2016-11-25 ved Wayback Machine. - Ed Yong/Nautilus
- Referansar
- ↑ «mitokondrium» i Nynorskordboka.
- ↑ Karnkowska, Anna; Vacek, Vojtěch; Zubáčová, Zuzana; Treitli, Sebastian; Petrželková, Romana; Eme, Laura; Novák, Lukáš; Žárský, Vojtěch; Barlow, Lael; Herman, Emily; Soukal, Petr; Hroudová, Miluše; Doležal, Pavel; Stairs, Courtney; Roger, Andrew; Eliáš, Marek; Dacks, Joel; Vlček, Čestmír; Hampl, Vladimír. «A Eukaryote without a Mitochondrial Organelle» (PDF). Current Biology 26: 1–11. doi:10.1016/j.cub.2016.03.053. Henta 11. september 2016.