[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Mirach

Koordinatar: Sky map 01h 09m 43.9236s, +35° 37′ 14.008″
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Beta Andromedae

Plasseringa til β Andromedae (sirkel)
Observasjonsdata
Epoke J2000.0      Ekvinoks J2000.0 (ICRS)
Stjernebilete Andromeda
Rektascensjon 01h 09m 43.92388s[1]
Deklinasjon +35° 37′ 14.0075″[1]
Tilsynelatande storleiksklasse (V)2.05[2] (2.01 to 2.10)[3]
Karakteristikk
SpektralklasseM0 III[4]
U−B fargeindeks+1.96[2]
B−V fargeindeks+1.57[2]
V−R fargeindeks0.9[5]
R−I fargeindeks+1.00[6]
Variabel typehalvregulær[3]
Astrometri
Radialsnøggleik (Rv)0.06 ± 0.13[7] km/s
Parallakse (π)16.52 ± 0.56[1] mas
Avstand197 ± 7 ly
(61 ± 2 pc)
Absolutt storleiksklasse (MV)–1.76[8]
Detaljar
Masse3–4[9] M
Radius100[10] R
Luminositet1,995[10] L
Overflategravitasjon (log g)1.52[11] cgs
Temperatur3,842[11] K
Metallisitet [Fe/H]–0.05[11] dex
Rotasjonssnøggleik (v sin i)7.2[10] km/s
Andre namn
Mirach, Merach, Mirac, Mizar, β And, Beta Andromedae, Beta And, 43 Andromedae, 43 And, BD+34°198, FK5 42, GJ 53.3, GJ 9044, HD 6860, HIP 5447, HR 337, LTT 10420, NLTT 3848, SAO 54471, WDS 01097+3537A.[5][12]
Databasereferanse
SIMBADdata

Mirach eller Beta Andromedae (Beta And, β And, β Andromedae) er ei markant stjerne nord i stjernebiletet Andromeda. β Andromedae ligg nordaust for den store firkanten i Pegasus og er teoretisk synleg for alle observatørar nord for 54° S. Galaksen NGC 404, som òg vert kalla Mirach-spøkjelset, er synleg sju bogeminutt unna.[13]

Stjerna har ein midlare tilsynelatande storleiksklasse på 2,05,[2] som gjer ho til den mest lyssterke stjerna i stjernebiletet. Luminositeten varierer noko frå storleiksklasse +2,01 til +2,10.[3] Basert på parallaksemållingar, ligg ho kring 197 lysår frå jorda.[1] Den tilsynelatande storleiksklassen til stjerna er redusert med 0,06 på grunn av ekstinksjon skapt av gass og støv langs siktelinja.[7]

Eigenskapar

[endre | endre wikiteksten]

Beta Andromedae er ei raud kjempe med spektralklasse M0 III.[4] Sidan 1943 har spekteret til denne stjerna vore eit stabilt ankerpunkt som andre stjerner vert klassifisert etter.[14] Ein mistenkjer at ho er ei halvregulær variabel stjerne med tilsynelatande storleiksklasse som varierer frå +2,01 til +2,10.[3] På dette stadiet i utviklinga til stjerna, har den ytre envelopen utvida seg til å bli kring 100 gonger så stor som sola.[10] Ho stråler 1 995[10] gonger kraftigare enn sola med ein effektiv temperatur på 3 842 K.[11]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 van Leeuwen, F. (November 2007), «Validation of the new Hipparcos reduction», Astronomi and Astrophysics 474 (2): 653–664, Bibcode:2007A&A...474..653V, arXiv:0708.1752, doi:10.1051/0004-6361:20078357 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Johnson, H. L.; et al. (1966), «UBVRIJKL photometry of the bright stars», Communications of the Lunar and Planetary Laboratory 4 (99), Bibcode:1966CoLPL...4...99J 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 NSV 414, database entry, table of suspected variabel stjernes, Combined General Catalog of Variable Stars (GCVS4.2, 2004 Ed.), N. N. Samus, O. V. Durlevich, et al., CDS ID II/250.
  4. 4,0 4,1 Morgan, W. W.; Keenan, P. C. (1973), «Spectral Classification», Annual Review of Astronomi and Astrophysics 11 (1): 29, Bibcode:1973ARA&A..11...29M, doi:10.1146/annurev.aa.11.090173.000333 
  5. 5,0 5,1 NAME MIRACH -- Variable Star, database entry, SIMBAD. Henta August 12, 2008.
  6. HR 337, database entry, The Bright Star Catalogue, 5th Revised Ed. (Preliminary Version), D. Hoffleit and W. H. Warren jr., CDS ID V/50. Henta August 12, 2008.
  7. 7,0 7,1 Famaey, B.; et al. (January 2005), «Local kinematics of K and M giants from CORAVEL/Hipparcos/Tycho-2 data. Revisiting the concept of superclusters», Astronomi and Astrophysics 430 (1): 165–186, Bibcode:2005A&A...430..165F, arXiv:astro-ph/0409579, doi:10.1051/0004-6361:20041272 
  8. Elgarøy, Øystein; Engvold, Oddbjørn; Lund, Niels (March 1999), «The Wilson-Bappu effect of the MgII K line - dependence on stellar temperatur, activity and metallisitet», Astronomi and Astrophysics 343: 222–228, Bibcode:1999A&A...343..222E 
  9. Mirach Arkivert 2008-12-16 ved Wayback Machine., Stars, Jim Kaler. Henta August 13, 2008.
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 10,4 Massarotti, Alessandro; et al. (January 2008), «Rotational and Radial Velocities for a Sample of 7,1 HIPPARCOS Giants and the Role of Binarity», The Astronomical Journal 135 (1): 209–231, Bibcode:2008AJ....135..209M, doi:10.1088/0004-6256/135/1/209 
  11. 11,0 11,1 11,2 11,3 Soubiran, C.; et al. (2008), «Vertical distribution of Galactic disk stars. IV. AMR and AVR from clump giants», Astronomi and Astrophysics 480 (1): 91–101, Bibcode:2008A&A...480...91S, arXiv:0712.1370, doi:10.1051/0004-6361:20078788 
  12. Allen, R. A. (1899), Star-namns and Their Meanings, s. 36 
  13. Darling, David, «Mirach's Ghost (NGC 404)», The Internet Encyclopedia of Science, henta 13. juni 2016 
  14. Garrison, R. F. (desember 1993), «Anchor Points for the MK System of Spectral Classification», Bulletin of the American Astronomical Society 25: 1319, Bibcode:1993AAS...183.1710G, arkivert frå originalen 25. juni 2019, henta 13. juni 2016 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]