Minos
Minos | |||
| |||
Tittel | king of Crete | ||
---|---|---|---|
Opptrer i | Den guddommelege komedie | ||
Mor | Europa | ||
Far | Zevs | ||
Ektefelle | Pasifaë, Dexithea, Crete | ||
Sambuar | Paria, Dexithea | ||
Barn | Catreus, Ariadne, Eurymedon, Nephalion, Deucalion of Crete, Androgeus, Glaucus, Acacallis, Xenodice, Euxantius, Khryseis, Philolaus, Asterius, Fedra, Astraea, Brylle, Hecale |
Minos (gresk Μίνως, Minōs) er i gresk mytologi ein konge av Kreta, son av Zevs og Europa.[1] Den minoiske sivilisasjonen på Kreta blei oppkalla etter han av moderne arkeologar.[2]
Soger
[endre | endre wikiteksten]Minos blir knytt til ulike forteljingar, som truleg varierte frå stad til stad. Nokre forteljingar gjev eit positivt bilete av han og seier han var både vis og dyktig som konge. Meir kjent er likevel forteljingar som gjev eit mykje dårlegare inntrykk.
Saman med brørne sine Rhadamantys og Sarpedon blei Minos fostra opp av kong Asterion av Kreta. Då Asterion døydde kravde Minos trona hans og forviste Sarpedon og (ifølgje nokre kjelder) også Rhadamantys.[3]
Den best kjende soga om kong Minos knytta han til labyrinten som han fekk oppfinnaren Daidalos til å laga ein og så sperra Daidalos og sonen hans Ikaros inne i. Kvart niande år tvinga han kong Aigevs av Aten til å velja ut sju menn og sju kvinner som måtte dra til labyrinten for å bli ofra til Minotauros, eit uhyre som var halvt menneske og halvt okse. Dette skulle vera tilbakebetaling for at sonen hans Androgeos var blitt drepen i Aten. Sogehelten Thesevs fann vegen inn i og ut av labyrinten med hjelp frå Minos si dotter Ariadne, og nedkjempa uhyret.[1]
Etter at han var død blei Minos dommar for dei døde i underverda, Hades.
Avkom
[endre | endre wikiteksten]Med kona si Pasifaë (av andre kalla Kreta) er han far til Ariadne, Androgeos, Deukalion, Faidra, Glaukos, Katreus, Akakallis og Xenodike. Med nymfa Pareia fekk han fire søner, Eurymedon, Nefalion, Kryses og Filolaos, som blei drepne av Herakles som hemn for kameratane til dei to siste; og med Dexithea, ein av telkinarane (dei mytiske opphavlege bebuarane av Rhodos) fekk han sonen Euxanthios.[4] Med Androgeneia av Festos på Kreta fekk han Asterion, som leidde soldatane frå Kreta i krigen mellom Dionysos og indarar.[5] Andre barn tillagde han er Euryale, kanskje mor til Orion med havguden Poseidon, og Pholegander, eponym for øya Folégandros nord for Kreta.[6][7]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Minos» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ «Minoan civilization | History, Location, & Facts | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), 19. september 2024, henta 7. oktober 2024
- ↑ Pseudo-Apollodorus: Library 3.1.3.
- ↑ Pseudo-Apollodorus: Library 3.1.2.
- ↑ Nonnos: Dionysiaca, 13. 220 ff
- ↑ Gaius Julius Hyginus: Poetical Astronomy 2. 34
- ↑ Stephanos av Bysants s. v. Pholegandros
- Denne artikkelen bygger på «Minos» frå Wikipedia på bokmål, den 7. oktober 2024.