Metz
Metz | |||||
---|---|---|---|---|---|
Brua Moyen Pont over Mosel | |||||
| |||||
Styresmakter | |||||
Land Region Departement |
Frankrike Lorraine Moselle | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd | 41,94 km² | ||||
Flatevidd - By |
41,94 km² | ||||
Innbyggjarar - By (2005) - folketettleik |
124 300 2 951/km² | ||||
Koordinatar | 49°07′13″N 6°10′40″E / 49.12028°N 6.17778°E | ||||
Høgd over havet | 179 m | ||||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||||
Diverse anna | |||||
Heimeside: http://www.mairie-metz.fr/ | |||||
Plassering | |||||
Metz er ein by nordaust i Frankrike, og hovudstad i regionen Lorraine og préfecture (administrasjonsstad) i departementet i Moselle. Byen ligg der elvane Mosel og Seille renn i hop. Byen har om lag 124 000 innbyggjarar.
Sjølv om Nancy var hovudstad i hertugdømet Lorraine og den seinare franske provinsen Lorraine, vart Metz vald som hovudstad i den nye regionen på midten av 1900-talet.
Metz er ei elvehamn og handelsby og har m.a. mat-, metall- og elektroteknisk industri. Ein del av mellomalderbygningane, murar og byportar er bevart, i tillegg til den store gotiske og vakre domkyrkja.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Under romartida var den galliske Metz (Mettis) ei viktig grensefestning. Då Frankarriket vart løyst opp i 870 kom byen inn under Lothringen, og seinare under Det tysk-romerske riket der Metz var ein fri keisarby. År 1552 vart byen erobra av franskmennene, som gjorde han til ein sterk festning. Byen vart okkupert av tyskarane under Den fransk-prøyssiske krigen 1870–71 og vart ein del av Tyskland, men etter den første verdskrigen i 1918 vart byen gjeve tilbake til Frankrike.
Sport
[endre | endre wikiteksten]Fotballaget FC Metz kjem frå Metz. Dei spelar for tida i Ligue 2, det nest høgaste nivået i fransk fotball.