Mattis
Utsjånad
Mattis er eit mannsnamn med opphav i hebraisk Mattatjahu eller Matathias (מתתיהו), som tyder 'Gudegåve'. Namnet er kjend frå Nytestamentet som Matthaios (Μαθθαιος) på gresk og Matteus på latin. Det kan òg skrivast Mathis, ei form som er vanleg på fransk, og Matthis, som er vanleg på tysk. Alle formene av namnet finst òg som slektsnamn.
Mattis har norsk namnedag den 24. februar.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Mattis Gothart-Nithart, kjend som Matthias Grünewald (ca. 1475-1528), tysk renessansemålar
- Mattis Mathiesen (1924-2010), norsk filmfotograf
- Mathis Mathisen (f. 1937), norsk forfattar
- Mattis Hætta (1959-2022), norsk-samisk Eurovision-deltakar
Etternamn
[endre | endre wikiteksten]- Johnny Mathis (f. 1935), USA-amerikansk popsongar
- Edith Mathis (f. 1938), sveitsisk sopran
- Samantha Mathis (f. 1970), USA-amerikansk skodespelar