Mattias
Mathias, Mattias, Matias eller Matthias er mannsnamn med hebraisk og gresk opphav, brukt i Bibelen og utbreidd blant kristne.
Mattias har namnedag den 24. februar i Noreg og Sverige, og Matthias har dansk namnedag same dagen.
Opphav og variantar
[endre | endre wikiteksten]Mattias har utspring frå gresk Μαθθαιος (Matthaios), ei omsetjing av det hebraiske namnet מתי (Mattai, Mati), som igjen er kort for מתתיהו (Mattitjahu) eller מתתיה (Mattitja). Tydinga av namna er 'Guds gåve'.
Namnet har fleire nordiske variantar, som Mads, Mats og Mattis. Det finst likande variantar på andre europeisk språk, som spansk Matías, italiensk Mattia, kroatisk og slovensk Matija, latvisk Matiass, litvauisk Motiejus og ungarsk Mátyás. Latinsk Matteus, fransk Mathieu og engelsk Matthew har same opphavet.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Mattias er eit vanleg namn i Sverige og Mathias i Danmark. I Noreg er skrivemåten Mathias brukt med 8 343 berarar, mot 368 av Mattias og 212 av Matthias (2010). Varianten Matias er vanleg i Finland og er også utbreidd i Chile. Matthias er vanleg i Tyskland, der det blei mykje brukt i tidsrommet rundt 1950–1990. Variantane Matija, Mátyás og Matyáš er vanlege i høvesvis Slovenia, Ungarn og Tsjekkia.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Apostelen Mattias (død ca. 63), «den trettande apostelen» som ifølgje Apostelgjerningane erstatta Judas Iskariot.[1]
- Mathias Henrikssøn, dansk munk og prest
- Mattias I Corvinus (1443-1490; ungarsk Mátyás I Corvin, eig. Mátyás Hunyadi), konge av Ungarn
- Matthias Grünewald (ca 1470–1528), tysk renessansemålar
- Mattias av Det tysk-romerske riket (1557–1619)
- Mathias Bonsak Krogh (1754–1828), norsk geistleg og politikar
- Matthias Numsen Blytt (1789-1862), norsk botanikar
- Matias Halvorsen Ve (1791-1864), norsk stortingsmann
- Mathias Andreas Boye (1796–1872), norsk stortingsmann
- Matthias Stoltenberg (1799-1871), norsk kunstmålar
- Mathias Andreas Rye (1814–1878), norsk embetsmann og stortingsmann
- Matias Matiasson Kleppen (1815-1880), norsk stortingsmann
- Mathias Engebretsson Øvrom (1821-1893), norsk stortingsmann
- Mathias Dugstad (1844-1929), norsk stortingsmann
- Matias Skard (1846–1927), norsk embetsmann og målmann
- Matias Orheim (1884-1958), norsk salmediktar og predikant
- Mátyás Rákosi (1892–1971), ungarsk diktator 1945–1956
- Mátyás Seiber (1905–1960), ungarsk-engelsk komponist
- Mattias Bismo (f. 1918), norsk folkemusikar
- Per-Mathias Høgmo, (f. 1959), norsk fotballtrenar og toppfotballsjef i Norges Fotballforbund
- Matthias Müller (f. 1961), tysk filmregissør
- Mathias Rust (f. 1968), tysk privatflypilot som ulovleg landa på Den raude plassen i 1987
- Matthias Ettrich (f. 1972), tysk dataingeniør
- Matías Almeyda (f. 1973), argentinsk fotballspelar
- Matias Faldbakken (f. 1973), norsk forfattar og kunstnar
- Mattias Hellberg (f. 1973), svensk musikar
- Mattias Asper (f. 1974), svensk fotballspelar
- Mattias Öhlund (f. 1976), svensk ishockeyspelar
- Mathias Eick (f. 1979), norsk jazzmusikar
- Matisyahu (f. 1979), amerikansk rappar
- Matjaž Smodiš (f. 1979), slovensk basketballspelar
- Mathias Mauren (f. 1990), norsk snowboardkjørar
- Matias Tellez (f. 1989), norsk musikar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mathias» frå Wikipedia på bokmål, og «Matthew» frå Wikipedia på engelsk den 23. september 2010.
- ↑ «Apg 1,26». Bibelen. «Dei kasta lodd, og loddet fall på Mattias. Sidan vart han rekna som apostel saman med dei elleve.»
- Søk etter norsk namnestatistikk for Mattias hjå Statistisk Sentralbyrå