Maté
Utsjånad
Maté er ein urtete laga av tørka, pulveriserte blad frå planten yerba mate (Ilex paraguariensis), ein slektning av kristtorn.[1] Drikken inneheld stimulanten koffein og garvesyre.[1] Han er vanleg i Sør-Amerika og delar av Midt-Austen. Han er rekna som nasjonaldrikk i Argentina,[2] Paraguay og Uruguay, og er også utbreidd i delar av Brasil, Chile, austre Bolivia, Libanon, Syria og Tyrkia.[3][4] Han blei opphavleg drukken av guaraniar.[1]
Maté, som også er kjend som chimarrão og cimarrón, blir tradisjonelt servert i ein uthola kalebass (eit slags graskar) og drukken gjennom eit sugerøyr av metall kjend som bombilla.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Mate - beverage». Encyclopædia Britannica. Henta 29. august 2019.
- ↑ «Ley 26.871 - Declárase al Mate como infusión nacional.». InfoLEG (på spansk). Ministerio de Justicia y Derechos Humanos. Henta 7. oktober 2010.
- ↑ Barceloux, Donald (3. februar 2012). Medical Toxicology of Drug Abuse: Synthesized Chemicals and Psychoactive Plants. John Wiley & Sons. ISBN 978-1-11810-605-1.
- ↑ «South American 'mate' tea a long-time Lebanese hit». Middle East Online. Arkivert frå originalen 12. mars 2014. Henta 11. mars 2014.
- Denne artikkelen bygger på «Mate (beverage)» frå Wikipedia på engelsk, den 22. juni 2009.