Mary Cassatt
Mary Cassatt | |
Sjølvportrett, 1878 | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 22. mai 1844 Allegheny |
Død |
14. juni 1926 (82 år) |
Yrke | kunstmålar, grafikar, grafikar, fotograf, raderer |
Sjanger | portrettmåleri, sjangermåleri, landskapsmåleri, figure |
Far | Robert S. Cassatt |
Mor | Katherine Kelso Cassatt |
Mary Cassatt på Commons |
Mary Stevenson Cassatt (22. mai 1844–14. juni 1926) var ein USA-amerikansk målar og grafikar frå Pittsburgh i Pennsylvania. Kunsten hennar høyrer inn under impresjonismen.
Liv og gjerning
[endre | endre wikiteksten]Cassatt var dotter til Robert Simpson Cassat, ein kar som stamma frå ei av dei rikaste bankierfamiliane i Pennsylvania, og Katherine Kelso Johnston, ei velutdanna kvinne som også kom frå ein bankfamilie. Gjennom eit fireårs opphald i Europa lærte ho allereie i barneåra å kjenne dei europeiske kunstskattane. I 1861 begynte ho å studere på Pennsylvania Academy of Fine Arts i Philadelphia. Frå 1874 budde ho i Frankrike, der ho i Paris heldt fram studiane ei kort tid. Med stor interesse studerte ho i Frankrike, Italia og Spania måleria til store meistrar som Correggio, Diego Velázquez, Tizian og Rubens. Hennar eigne bilete fekk åtgaum og vart stilt ut på salongen i Paris.
Målaren Edgar Degas overtala henne til å slutte seg til den nye rørsla av sjølvstendige målarar, som seinare utvikla seg til dei såkalla impresjonistane. „Eg aksepterte med glede. Den konvensjonelle kunsten nekta eg å drive med. Eg byrja leve.“ Degas og Cassatt var nære venner i årevis. Ho stilte ut saman med impresjonistane og bidrog vesentleg til at impresjonismen tidleg vart populær i USA. Allereie i 1877 skreiv ho til ein rik venninne i New York og fekk denne til å kjøpe bilete av Edgar Degas og Claude Monet.
Hovudtema i kunsten hennar var kvinner, særleg mor-og-barn-temaet. Bileta hennar syner fram alle tenkelege situasjonar av levemåten til borgarskapen, slik han arta seg i dei siste tiåra av det 19. hundreåret; i lag med borna sine, lesande, tedrikkande eller i operahuset. Etter ho 1890 i Paris fekk sjå japanske fargetresnitt, hadde ho suksess med denne forma for kunst.
Etter 1877 budde også foreldra og systera hennar i Paris. Likevel fann Cassatt tid til å inspirere, oppmuntre og gje økonomisk stønad til unge, kvinnelege kunststudentar.
I 1904 vart ho utnemnd til riddar av den franske Æreslegionen. Tapet av synsevna gjorde at ho slutta å måle i 1914.
Ho døydde i Le Mesnil-Théribus i Oise i Frankrike.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mary Cassatt» frå Wikipedia på tysk, den 14. august 2012.