Mafraq
- Denne artikkelen handlar om byen i Jordan. For landsbyen i Saudi-Arabia, sjå Mafraq i Saudi-Arabia.
Mafraq | |||
مدينة المفرق | |||
by | |||
Tankrundkøyringa i Mafraq
| |||
Land | Jordan | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Mafraq guvernement | ||
Høgd | 700 moh. | ||
Koordinatar | 32°16′0″N 36°09′20″E / 32.26667°N 36.15556°E | ||
Areal | 14 km² | ||
• storbyområde | 128 km² | ||
Folketal | 56 340 (2004)[1] | ||
- storby | 122 000 | ||
Folketettleik | 4 024 / km² | ||
Grunnlagd | 333 fvt. | ||
• kommune sidan | 1945 | ||
Retningsnummer | +(962)2 | ||
Mafraq 32°20′34″N 36°12′18″E / 32.342777777778°N 36.205°E | |||
Kart som viser Mafraq.
| |||
Wikimedia Commons: Mafraq | |||
Nettstad: www.mafraq.gov.jo |
Mafraq (arabisk المفرق, Al-Mafraq, lokale dialektar: Mafrag eller Mafra' , «krossvegar») er ein by og det administrative senteret i Mafraq guvernement i Jordan, 80 km nord for hovudstaden Amman nær Syria i nord og Irak i aust. Han hadde 58 954 innbyggjarar i 2000.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Mafraq vart først busett på 300-talet fvt. Han ligg kring 17 km vest for den historiske nabateisk og bysantinske byen Umm el-Jimal, som vart bygd i det første hundreåret evt. Byen vart viktig etter opprettinga av Hejazbanen mellom Istanbul og Medina. Det låg òg ein britisk militærbase og flyplass tidleg på 1900-talet i Mafraq. Han vart seinare base for den arabiske legionen under den arabisk-israelske krigen i 1948.
Mafraq er hovudstaden i Mafraq guvernement og hovudkvarteret til den tredje divisjonen av den jordanske hæren. King Hussein Air College og ein flybase for det kongelege jordanske luftforsvaret ligg òg i byen.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Mafraq ligg nord i Jordan ved grendsa mellom Hauran-platået og Den syriske ørkenen, kring 80 km i nord from Amman. Han er det administrative senteret og den største byen i Mafraq guvernement. Byen ligg nær dei tre store byane Amman i sør, Irbid i vest og Damaskus i nord.
Samferdsle
[endre | endre wikiteksten]Den internasjonale hovudvegen mellom Damaskus og Riyadh går gjennom byen. Mafraq har ein jernbanestasjon på det nasjonale jernbanenettverket.
Utdanning
[endre | endre wikiteksten]Al al-Bayt universitet er det einaste universitetet i byen. Det vart grunnlagd i 1992 og ligg søraust, i utkanten av byen.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mafraq» frå Wikipedia på engelsk, den 7. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Offisiell nettstad (arabisk), arkivert frå originalen 4. februar 2010, henta 7. oktober 2015
- ↑ Al al-Bayt universitet, arkivert frå originalen 3. mars 2016, henta 7. oktober 2015